Den siste tida har det vore uro i Peru etter at det har vore fleire valdelege samanstøyt mellom demonstrantar og politi. NRK skriv at det fredag kveld var fleire tusen demonstrantar i gatene i Peru sin hovudstad, Lima.

Hordaland har vore i kontakt med Caroline Lehmann frå Ulvik, som er på ferie på hytta si i Lima.

– I sentrum har det vore demonstrasjonar som eigentleg var fredelege, men det er alltid nokon som tyr til vald. Demonstrasjonane skjedde i samband med ein generalstreik – altså politisk kaos. I den bydelen eg held til er det litt rolegare enn vanleg og litt meir politi, skriv ho på melding.

Situasjonen i Peru

  • Utanriksdepartementet (UD) frårår alle reiser som ikkje er strengt naudsynte til områda Cuzco, Puno, Arequipa og Apurimac i Peru.
  • Dette skjer etter store og delvis valdelege demonstrasjonar i landet.
  • Situasjonen har vore slik i landet sidan desember 2022.
  • Unntakstilstaden som vart innført i desember vart nyleg forlenga med 30 nye dagar.
  • Som fylgje av situasjonen har UD oppretta reiseråd for Peru.
  • UD oppmodar norske borgarar som planlegg å reisa til utlandet om å registrera seg i appen Reiseklar.

Kjelde: Utanriksdepartementet

Det er natt i Peru då Hordaland er i kontakt med Lehmann.

– Er du uroa for situasjonen?

– Eg er ikkje uroa. Så langt er alt greitt, og UD sitt reiseråd skal eg fylgja, svarar ho.

Har reist ned i 35 år

Lehmann forklarar at det no er 35 år sidan ho for fyrste gong reiste til Peru. No besøkjer ho ein familie kvart år i januar.

– Eg vitjar ein familie som eg har «adoptert» og det er gjensidig. Eg vart kjend med ei på 80-talet, men no er familien her etter kvart blitt ti personar.

Ho fortel også at når situasjonen er slik han er no, så passar familien på kvarandre.

– Nokre her i huset kan ikkje gå på jobb. Dei som kan jobba heimanfrå vert oppmoda til det, legg ho til.

Etter planen skal Lehmann vera i Peru til 5. februar.

Åtvarar nordmenn

Utanriksdepartementet (UD) oppretta nye reiseråd for Peru laurdag føremiddag.

– Det har vore store og til dels valdelege demonstrasjonar fleire stader i Peru sidan desember 2022. Fly-, tog- og vegtrafikk i populære turistområde har blitt mellombels stengd på kort varsel, skriv dei.