– Aksjonen var veldig vellukka. Me fekk hindra arbeidarane i å utføra jobben sin, så dei snudde og reiste frå anlegget, seier aksjonist Gudrun Folkedal til Hordaland.
Politiet var ikkje på staden.
– Me veit ikkje kvifor politiet ikkje var her i dag. Kanskje Statnett ikkje ville ha meir negativ medieomtale, seier Folkedal.
I Osa lamma aksjonistane masterigging og betongflyging på tre riggområde.
– Me arrangerte også eit sykkelritt: Osa Opp. Slik hindra me trafikk på anleggsvegen. Me kledde oss ut og hadde det moro, seier Folkedal. Ho seier aksjonistane er nøgde med dagen.
– Målet vårt er å vinna fram juridisk. Då er det viktig at minst mogeleg skade vert gjort i mellomtida, seier Folkedal.
Det var også aksjon i Kvam, der aksjonistane hindre fundamentering på fleire mastepunkt. I alt skal 30 aksjonistar har vore med på aksjonane i dag.