Berginga starta klokka 23 måndag kveld, og tre og ein halv time seinare stod mobilkranen på hjula att.

Tok tid

Det skulle likevel ikkje verta så enkelt for Vest Kran å koma fram til Granvin med dei to store mobilkranane som skulle berga den velta krana. I staden for å køyra dei to frå Voss til øvre Granvin, bestemde Statens vegvesen at dei skulle køyrast ned til Trengereid, over Kvamskogen og til Granvin, ein tur på mange mil ekstra.

Det lukkast ikkje Hordaland å få kommentarar frå korkje Statens vegvesen eller dagleg leiar i Vest Kran, Trond Emblem, etter bergingsaksjonen i natt.

Godt planlagt

Leiar i Granvin fiskarlag, Sven-Helge Pedersen, er imponert over bergingsaksjonen til Vest kran.

– Det heile såg veldig profesjonelt ut og det verka som det var godt planlagd. Ikkje kom det meir olje i elva heller, så vidt eg kunne sjå, fortel han.

Pedersen er glad arbeidet gjekk så godt som det gjorde og er imponert over alle som deltok i berginga.