Ved midnatt natt til fredag fekk politiet melding om at ungdom hadde laga ein isbane på parkeringa ved Meny utanfor Amfi Voss.
Politiet såg at det var tømt vatn utover parkeringa og laga til ein glattkøyringsbane då dei kom til staden.
– Politiet sperra av området, seier Therese Vaksdal, politibetjent ved Voss politistasjon.
– Kva tenkjer politiet om det som skjedde?
– Det er ikkje greitt. Dette er eit privat område.
Mistenkjer traktor og vasstank
Laurdag morgon fekk driftssjef Atle Vik Didriksen beskjed om kva som hadde skjedd i løpet av natta.
– Mest sannsynleg er det nokon som har frakta vatn hit med traktor og vasstank. Det har blitt til ein isbane. Planen var nok at dei skulle spinna og leika seg, seier Didriksen.
Han er fortvilt over at unge sjåførar brukar parkeringsplassen som om dei eig han.
– At dei tek seg til rette på den måten her og legg is på parkeringsplassen vår for å bruka han til bane, er heilt hol i hovudet, seier Didriksen.
Framleis is etter helga
Det var minusgradar natt til laurdag, så høva låg til rette for å laga isbane. Måndag føremiddag ligg isen der framleis.
– Me ynskjer at politiet skal slå hardt ned på dette, seier Didriksen.
Han fortel at isbanelaginga føyer seg inn i eit større bilete, der det stadig er meir bråk og farlege situasjonar som oppstår.
– Me ser mykje farleg køyring, med både bilar, traktorar, ATV og UTV. Det er berre flaks at det ikkje har skjedd nokre alvorlege ulukker her. Det er også eit kraftig lydnivå, seier Didriksen.
Fryktar ulukker med personskade
Han har sett video av ATV-ar som går rundt på parkeringsplassen og fryktar det vil skje ulukker med personskade om den uvitige køyringa held fram.
– Farleg køyring skjer både på kvelds- og nattetid, men også innanfor våre opningstider. Det er ikkje haldbart, seier Didriksen.
Han ber foreldre ta ein prat om vitig køyring.
– Om ein ikkje klarar å køyra fint bør ein ikkje ha lov til å køyra. Me ser særleg at det er mykje høg fart mellom UTV og ATV-køyrarar.
Vil delvis stengja parkeringa
Amfi Voss har no planar om å gjera delar av parkeringsplassen utilgjengeleg utanfor opningstida.
– Det vil skje på kort varsel og folk som nyttar parkeringsplassen må vera obs på dette, seier Didriksen.
