— Frå og med midnatt natt til onsdag 15. desember gjeld nye nasjonale råd og reglar. Det blir strengare reglar for arrangement og uteliv for vaksne, i kulturlivet og på organiserte fritidsaktivitetar. Det blir innført skjenkjestopp over heile landet, skriv leiar kommunikasjon og service Mona Mekk i Vaksdal kommune i ei pressemelding tysdag ettermiddag.
Opptrapping av vaksinering
Opptrapping av vaksineringa er eit viktig tiltak, og regjeringa har no endra intervallet mellom 2. og 3. dose til 4,5 månad.
— Vaksineringa i Vaksdal kommune går for fullt, og vi opnar no for drop-in (utan timebestilling) på nokre tidspunkt før jul og i romjula. Alle som oppheld seg i Vaksdal kan få ei vaksinedose på drop-in, heiter det i meldinga.
Vaksinasjonen er i bedehuset på Dale. Desse tidene er sett opp no: 16. og 21. desember kl. 15-16, og 28. desember kl. 12-15.
Skule og barnehage
Alle barne- og ungdomsskular og barnehagar skal drivast på gult nivå frå seinast torsdag 16. desember. Siste skuledag før jul vert 17. desember.
Munnbindpåbod er utvida
Munnbindpåbodet gjeld no også på innandørs arrangement, i bibliotek og i museum.
Det blir innført felles reglar for isolasjon og smittekarantene uavhengig av virusvariant.
Stengjer for trening
Dei nye tiltaka gjer at desse lokala i Vaksdal kommune blir stengde for trening for vaksne frå onsdag 15. desember:
Samfunnssalen på Vaksdal, Samfunnshuset på Stanghelle og Turbinen på Dale. Dalebadet på Dale skule blir ope berre for skule og rehabilitering.