Som vanleg er det hektisk på slike besøk, då mykje skal seiast på kortast mogeleg tid.
Noreg sin Panda
– Mange kallar Villaksen for Noregs Panda. Det er fint at Noreg og verda satsar på å redda Pandaen, sa vaksdalsordføraren til miljøvernministeren og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen, då dei var besøk.
– Og nasehorna også for den saks skyld. Villaksen må kanskje verta vårt prosjekt – vår Panda, la han til.
Elva ville vore død
Dale-elva var eit tema ministrane fekk informasjon om.
– Utan entusiastane som tek seg av elva, hadde nok den vore død for lenge siden, meinte Haga.
Avhengig av inntektene
Vossolaksen er verdas største atlantiske laks. Denne laksen har vore ei viktig inntekskjelde for folket som har budd langs elva og fjorden.
Gardane langs Ostefjorden og Bolstadfjorden var avhengige av inntektene frå laksefisket. Rundt rekna var inntektsgrunnlaget 1/3 frå jorda, 1/3 frå skogen og 1/3 frå laksefisket.
– Fisket var så godt at tenestefolket på gardane fekk med i kontraktane sine at dei ikkje skulle ha laks i alle fall meir enn tre dagar i veka, fortalde Haga.
Kompetansesenter
Vossolaksen er truga, og det pågår ein lokal redningsaksjon for denne laksen.
- Nokre av oss har hatt idear om eit opplevingsssenter for laksen i fjordane. Nokre har tenkt vidare om å utvikla eit kompetansesenter for denne viktige fiskestamma og Villaksen elles, sa Haga vidare.
«Trua på ein draum»
Vaksdal kommune, Hordaland Fylkeskommune og Ostefjord Næringssamarbeid har fått finansiert et forprosjekt – med tanke på eit slikt senter, sa Haga.
Og til slutt fekk dei to ministrane eit minne om turen også, nemleg filmen "Trua på ein draum", som fortel om levemåten og laksefisket i fjordsystemet før Vosso.