Me er i gang med ein ny laksesesong. Både prognosane og dei fyrste registreringane tilseier at det vil koma mykje stor laks tilbake frå havet og til gyteplassane i Vosso i år.
– Dette er eit svært gledeleg resultat av eit langsiktig forskingsarbeid og redningsaksjon, leia av Uni Miljø og Fylkesmannen i Hordaland, opplyser forskingsleiar i Uni Miljø, Bjørn Barlaup. Han har leia prosjektet.
Kjem frå Evanger
Storparten av laksen som no er på veg mot Vosso, stammar frå smolt-produksjonsanlegget i Evangervatnet. Dette initiativet frå oppdrettsnæringa er etablert og finansiert gjennom Vossolauget.
Voss Klekkeri står for den daglege drifta av anlegget på Evanger og har gjennomført kultiveringsarbeidet i vassdraget gjennom heile redningsaksjonen.
Betre kontroll
Prosjektet sin suksess, som også omfattar tiltak i utvandringsruta, er gjort mogeleg ved innsats og samarbeidsvilje frå mange ulike interessegrupper rundt vossolaksen.
Modellen med produksjon av fullverdig villsmolt i vassdraget og slep til kysten, byggjer på dei mest lovende resultata frå forskinga.
– Ettersom trugsmålfaktorane no synest å vera under betre kontroll, vert også ein større del av smolten sett ut i sjølve vassdraget, opplyser Barlaup.
– Prosjektet er eit godt døme på kva som er mogeleg å få til ved godt samarbeid på tvers av tidlegare ulike synspunkt. Det fortener positiv merksemd, seier fiskeforvaltar Gry Walle ved fylkesmannen si miljøvern- og klimaavdelinga.
I genbanken
Laksestamma i Vosso kollapsa seint på åttitalet. Direktoratet for naturforvaltning, som hjelper til i redningsaksjonen med store midlar, har halde vossolaksen i levande genbank.
Det er dette materialet som no vert formeira og bidreg til å gjenreisa den stolte laksestamma. Vossolaksen står overfor både naturlege utfordringar og menneskeskapte trugsmål. Framtida avheng av om ein klarer å halde trugsmåla under kontroll.
– Målet er at bestanden skal klara seg sjølv etter at smoltutsetjingsperioden på fem år opphøyrer i 2013, seier Barlaup. – Den rekordhøge tilbakevandringa i 2011 – som minna om gamle stordomstider – gjer at ein ser med stor spenning mot årets sesong, legg han til.
Gler seg over resultata
– Me gler oss over dei gode resultata og at nok ein årgang med ekte vossosmolt no er på veg til havet, seier styreleiar i Vossolauget, Cato Lyngøy. Det vil ikkje verta fiske etter vossolaks i vassdraget i år, men det vert teke sikte på ei avgrensa opning for dette neste år.