Klokka 02.17 natt til laurdag fekk politiet på Voss melding om ein person med våpen utanfor Venezia Pizzeria på Vangen.
– Personen skal ha framvist eit våpen utanfor restauranten og deretter reist derifrå i bil, seier politibetjent Ingve Helland ved Voss politistasjon.
– Kva våpen var det snakk om? Var det kniv eller skytevåpen?
– Det ynskjer eg ikkje å kommentera, seier Helland.
Fekk stansa bilen
Store styrkar med væpna politi rykte ut til staden då meldinga kom inn.
– Politiet la på hjul med ein gong og fekk raskt lokalisert bilen. Då fekk me snakka med vedkommande, men det var ikkje noka våpen å sjå i bilen, seier Helland.
Det er no oppretta sak på tilfellet, og politiet er interesserte i tips frå vitne som kan ha sett noko.
– Me har avhøyrt ei rekkje vitne, men ber fleire som kan ha sett noko om å melda seg.
– Ta kontakt
Politiet ynskjer ikkje å kommentera kor gamal vedkommande er eller om mannen er lokal.
– Det er ikkje alt me ynskjer å gå ut offentleg med. No har me fokus på å etterforska denne saka så godt me kan, for å få klarleik i kva som har skjedd, seier Helland.
Har du tips i saka, ta kontakt med politiet på Voss på telefon 56528700.