På 1950-talet då eg vaks opp på Voss lærte me at når det var storflaum i Vangsvatnet rodde dei til kyrkjedøra.

Det synest ikkje som me har lært mykje av dette det siste hundreåret, tvert imot me byggjer endå nærmare vatnet. Heldigvis vara regnvêret berre to dagar og utan snjo i fjellet, det kunne lett vore det dobbelte med vatn. Og me veit dette vert meir normalt i og oftare i framtida.

Korleis gjera eit problem til ein fordel og gevinst for bygda? Vatn i Noreg skal vera ein fordel og ikkje eit problem. Abraham Øvrebotn, ordførar i Bremanger på 1970-talet då eg budde der, sa at vatn som ikkje rann i røyr, var ein uting. Det han meinte med det var at ein tok ikkje ut verdiane. Ein stor mann.

Hadde NVE eller politikarane i Vestland hatt ein Kjell Opseth i dag, hadde dette vassproblemet vorte løyst ved at flaumvatnet hadde vorte elektrisk straum. På Voss har det vore mange forslag, til dømes tunell frå Raundalen over til Granvin med kraftstasjon. Oppdemming av Bordalsgjelet må vera enkelt då juvet er der alt.

Myrkdalen hadde 140 millimeter nedbør på eit døger, kanskje flaumvatnet kan pumpast over til Vik eller Eksingedalen/Evanger?

Eg trur det er berre fantasien som set grenser for den grøne omstillinga me står framføre, teknologien er der.

Vossingar, det er på tide med handling!

PS. Ein Kjell Opseth hadde bygd ny E16 frå Voss til Arna i same slengen.