– Temperaturen er forventa å stiga frå i morgon av. Sola som har kikka fram i dag, vil forsvinna, og helga vil bestå av grått og tungt vêr, seier vakthavande ved meteorologisk institutt, Geir Ottar Fagerli.
Glatte parti i vegbana
– Innover mot helga vil temperaturen liggja på rundt tre til fem grader, seier Fagerli.
Grunna minusgrader i kveld og i natt kan det vera fare for nokre glatte parti i vegbana fredag morgon.
– Eg er ikkje så bekymra for at det vil oppstå store utfordringar, og det ser ut til at overgangen frå minusgrader til mildare temperatur vil gå ganske bra, seier han.

Stort snøskred i Myrkdalen, ein person vart delvis begravd
Vinden som har vore, vil truleg roa seg utover ettermiddagen.
– Det er forventa at fjellovergangane vil få betre vêrforhold innover mot helga, og problema som no har vore vil forsvinna i løpet av kvelden.
