Det var etter ei dame, som ynskjer å vera anonym, fann ti oppklipte smørjeosttubar som var lagt ut langs ein av dei mest populære lufterutene for hundar i Bømoen på Voss, at hundeklubben slo full alarm.

– Desse tubane ser ut til å vera lagt ut for å skada hundar og andre dyr. Det er veldig opprørande. Noko liknande har også skjedd i Bergen ei stund. Der er det lagt ut hundegodteri saman med glasskår og rottegift som openbert er meint å skada hundar, seier leiaren i Voss Hundeklubb, May-Britt Kobbeltvedt.

Dei oppklipte tubane som vart funnen er kasta. Det kan difor ikkje slåast fast at det har vore lagt rottegift i dei.

– Hundeeigarar må passa på

Veterinær Hilde Lunde-Brattebø på Hestavangen Dyreklinikk er også opprørt over at nokon har lagt ut desse oppklipte tubane.

– Eg klarar ikkje å skjøna at nokon kan gjera dette som berre kan ha som hensikt å skada dyr. Eg vil oppmoda hundeeigarane her på Voss om å vera spesielt merksame når dei luftar hundane sine. Om nokon finn fleire slike tubar, bør dei ta med dette til politiet slik at dei kan undersøkja dette, seier Lunde-Brattebø.

Dyreklinikken fekk også førre veke inn ein tre månadar gammal kvalp som trengde umiddelbar helsehjelp, men livet til kvalpen stod ikkje til å redda.

– Hunden hadde alle teikn på forgifting av rottegift. Då eg opererte den, fann eg også fleire bitar med kopartråd i magen. Kombinasjonen av gift og metall er dødeleg, seier veterinæren.

Ho fortel at å døy av forgifting med rottegift, er ein grufull måte å døy på.

– Ein forgifta hund vert fyrst slapp og mistar matlysta. Den får også endringar i slimhinnene i munn og auge. Til slutt får den indre blødingar og store smerter før den døyr.

– Heilt forferdeleg

Det var Tove Fremmersvik, Pierre Arnaud og deira to barn på sju og åtte år på Bordalen, som eigde kvalpen, Tiana, som døydde i førre veke.

Den fekk berre vera hjå familien i knapt ei veke før den gjekk bort.

– Dette er berre heilt forferdeleg. Me tek dette tungt, og spesielt har det vore vanskeleg for minstejenta. Dersom det er slik at nokon har lagt ut dette for å skada hundar, er det svært opprørande, seier Arnaud.

Han seier at dei ikkje veit kvar Tiana har fått i seg gifta og metallet, men er heilt sikker på at det ikkje har skjedd heime hjå dei. Dei vurderer no å melda dette til politiet.

Politiet ber om informasjon

Politistasjonssjef ved Voss politistasjon, Ivar Hellene, har ikkje høyrt om dette før Hordaland tek kontakt, men tykkjer det er opprørande at nokon gjer slike ting.

– Om det er hundeeigarar som finn slikt på sine lufteturar, må dei venda seg til oss i politiet slik at me kan undersøkja dette, seier Hellene.

Han kan ikkje seia noko om kven som står bak dette.

Hendinga om dei oppklipte tubane og dødsfallet til hunden Tiana kan ikkje slåast fast at har ein samanheng, men veterinær Hilde Lunde-Brattebø oppmodar hundeeigarar til å vera ekstra merksame når dei luftar hundane sine.