I desse sommardagar reiser vêroptimistiske austlendingar over fjellet for å oppleve slåande vakker natur her i vest. Utanlandske turistar seinkar fartsgrensa for å ta bilete av einkvar fallande foss og bratte fjellvegg. Alt er som det skal i desse sommardagar.

Like vanleg som turistane sitt inntog på Vestlandet er skreda som held fram med å sette kjeppar i hjula for fri flyt av sommartrafikken. Siste døme er riksveg 13 i Hardanger kor eit stort steinras utløyste trafikkaos. Skredet skjedde i ein periode kor hundrevis av barnefamiliar og ferierande turistar passerer kvar einaste dag. Berre flaks gjorde at ingen vart tekne.

Nesten kvar veke kan vestlendingar lese om ras som har stengt vegen til jobb og skule, eller fjellovergangen til næraste sjukehus. Stengde vegar og omkøyringar er blitt normalen. Tidlegare i sommar kunne Turid fortelje at ho synest det er skummelt å køyra dottera til skulen grunna uvissa om når neste skred vil gå.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland sa før sommaren at han ynskjer ei tredobling av midlane til rassikring. Ei oppfordring eg stiller heilhjarta bak. Det vil sikra at me kan kome i gong med heilt kritiske rassikringsprosjekt. Det burde ikkje vera for mykje å be om.

Av alle rassikringspunkt i landet ligg kring halvparten i Vestland, men me klarar berre å sikra ein brøkdel med dei midlane me får frå staten i dag. Ei oversikt NRK laga i 2021 syner at fylka manglar totalt 71 milliardar kroner for å halda ved like fylkesvegane i Noreg tilstrekkeleg. Vestland toppar lista med eit etterslep på nesten 14 milliardar kroner åleine. Og då har me ikkje teke med behovet for investeringar i nye vegar, bruer og tunellar.

Næringslivet, innbyggjarar og fylkespolitikarar har i lange tider åtvara mot at vegane ikkje lenger er trygge. Likevel har inga regjering, verken blå eller raud, klart å prioritera dette tilstrekkeleg.

Gjennom valkampen i 2021 lova Ap og Sp ei kraftig satsing på rassikring og vedlikehald av fylkesvegane. Det skapte store forventningar som så langt ikkje er blitt levert på. Det er for lengst på overtid at regjeringa tar behovet på alvor og løyver dei midlane som trengst.

Så langt i 2022 er det dobbelt så mange som har mista livet i trafikken som i 2021. Samstundes som me sårt treng meir rassikring er behovet også stort for å investera i vedlikehald, utbetringar og nybygging av fylkesvegar i heile Noreg.

Det handlar berre om prioriteringar.