Her kan du læra deg Vossasongen til 17. mai

Voss herad ynskjer at flest mogleg skal syngja Vossasongen på verandaer og i hagar på 17. mai.

Ukulelegirls, Baljelauget og Anders Bauthus spelte inn ein flott versjon torsdag, til inspirasjon.

Voss Lyd spelte inn og Inge Trøen fann fram originalteksten med dei tre siste versa i ei festskrift datert 1925.

I 17. mai-programmet står det at songen skal syngjast klokka 13.10.

VOSSASONGEN

Tekst: Lars Eskeland

Melodi: Torgeir Raugstad

EG VEIT EI BYGD MED LANGE LEINE LIDER

SOM FELL FRÅ FAGRE FJELL I DALEN NED.

DER BLØMER HEGG, DER GRØNKAR BJØRK OG VIER.

OG GRAN OG FURA, VIGSLAR ALT MED FRED.

Artikkelen held fram under annonsen.

OG GJENNOM LIDI LETTE GRØVER GÅR

MED SONG OG SULL, OG HELST OM HAUST OG VÅR

I LANGE STRYK, MED BYKS OG KÅTE FOSS,

DU VENE VOSS, DU VENE VOSS!

OG GJENNOM DALEN ELVI VYRDSAM SKRIDER

I ROLEG GANG, EI DRONNING VEN OG BLID,

HO LIKNAR FOLKET SOM I GRENDI STRIDER

OG VINN SEG STILLSLEG FRAM FRÅ TID TIL TID.

SJÅ SOLI SPREIER LETTLEG TÅKE-EIM,

HAN LYFTER SEG; DÅ SER ME HUS OG HEIM.

Artikkelen held fram under annonsen.

EIN UFØDD TONE LOKKAR MILDT PÅ OSS,

DU VENE VOSS, DU VENE VOSS.

JA, DER LIGG HEIM I HEIM SÅ TRYGT, DEI MANGE,

SJÅ DER LIGG TUN I TUN OG GARD I GARD.

OG ALT MED TIDER GJEKK OG KVARV, DEI LANGE,

TOK BORNI ARVEN ETTER MOR OG FAR.

ME STANSAR STILLE ATTMED HALVGLØYMT GRAV,

OG TAKKAR VARMT FOR DET DEI GAMLE GAV.

LAT MINNET LIVA! HØYR DET SYNG TIL OSS,

DU VENE VOSS, DU VENE VOSS!

Artikkelen held fram under annonsen.

HØYR, MÅLET LEIKAR LETT PÅ FOLKEMUNNEN

I SEGN OG SOGA OG I TALA KRING

DET FRISKT ER RUNNE FRÅ DEN GODE GRUNNEN

DET MÅL PER SIVLE GAV SO HØG EIN SVING.

PÅ DENNE BIVREBRUI NO ME STÅR

MED VON OG TRU OG FAGER FRAMTID SPÅR,

DU VERT FOR ÆTTI SIDAN SOM FOR OSS.

DU VENE VOSS, DU VENE VOSS.

FOR GODE FRAMTID ER ME MED OG STRIDER

OG VONAR PÅ EIN ENDÅ BETRE DAG.

OG LIVET SKIRSLAST MEDAN TIDI LIDER,

NÅR BERRE ME KAN STRIDA TRUTT I LAG.

LAT GAMLEKROSSEN NEDPÅ VANGEN STÅ

OG SIGER FOR VÅRT NORSKEMERKE SPÅ.

BER, FINNELOFT OG KYRKJA BOD TIL OSS

FRÅ GAMLE VOSS, FRÅ GAMLE VOSS.

NO VIL ME RYDJA BYGDI OPP, KVAR TEIGEN

OG GJERA VÅRT SO VOKSTREN VENT KAN GRO.

NO VIL ME STRIDA STRIDEN GOD, VÅR EIGEN,

OG MØTA DAG SOM RENN, MED ARBEIDSMOT

NÅR ALLE SITT VIL GJERA GÅR DET VEL,

TIL HELSEBOT FOR BÅDE KROPP OG SJEL.

LYFT MERKET HØGT, MED HEILAG OLAVS KROSS,

DU VENE VOSS, DU VENE VOSS!