Motor vehicle, Jeans, Sky, Smile, Mountain, Cloud, Asphalt, Tree

Tidenes fyrste Palmaslepp: — Dette blir ein dag for heile familien!

Snøen er borte og våren er her. No går mange i gang med nye arbeidsoppgåver, både utandørs og innandørs. Dette vil Byggtorget og åtte andre bedrifter, saman med to lokale idrettslag på Palmafossen, feira med ein skikkeleg familiedag laurdag 6. mai.

— Her blir det mykje aktivitetar for både store og små, fine premiar og sjølvsagt ekstra gode tilbod, fortel Morten Lid hjå Byggtorget Martin Lid Trelast.

Det starta med at han fekk ein idé om familiedag og tok ein ringerunde til nabobedriftene. Alle var positive til å bli med, og sidan den første ringerunden har dei hatt fleire møte for å planleggja den store familiedagen.

— Me er jo gode naboar og samarbeider mykje i kvardagen, så det er kjekt å kunna gjera noko som det her i lag, fortel han. Alle bedriftene i Palmasleppet er levande opptekne av nærmiljøet og sponsar og støttar ei rekke lag og organisasjonar i Voss og omegn.

På Palmafossen er det over 20 handelsbedrifter, som saman er levande opptekne av nærmiljøet. Dei sponsar og støttar nærmiljøet sitt, og det har dei siste åra vore stor utvikling på Palmafossen.

Området er idag eit travelt lokalsentrum med eit stort spekter av handelsverksemder. Her finn du alt du treng til bustaden, hytta, bilen og kvardagen elles.

— Det er jo det som er så spesielt her oppe. Du kan faktisk ta ein laurdagstur og kjøpa eit heilt hus. Me har materialar, røyr og elektro – alt på same plass. Det einaste me manglar av handelsvarer på Palmafossen er klesbutikkar, men om ein likar å gå i arbeidskle så kan ein byggja opp garderoben sin hjå oss, seier Odd Sivertsen ved Nobi.

Sjå alle tilboda her

  • Ligger langs E16 på vei til og fra Voss
  • Får baker på besøk fredag og lørdag
  • Har egen kafè avdeling
  • Arrangerer raspeballdag hver torsdag
  • Har varmdisk med deilig varmmat
  • Besøk nettsiden for adresse og åpningstider

Landhandleriet på

Evanger

Ein dag for heile familien

Bedriftene ynskte å laga til ein dag for heile familien. Den 6.mai kan små og store tilbringa laurdagen på Palmafossen. Det blir sykkelløype, rebusløype og ein del aktivitetar hjå dei ulike bedriftene. Det blir òg konkurransar, god mat og ekstra gode tilbod hjå alle bedriftene som er med.

Om veret tillet det blir det innhopp med fallskjerm. Av premiar kan ein vinna mellom anna gåvekort på tandemhopp eller ei ny fin ytterdør.

— Me har òg gratis servering av forskjellig mat og drikke. Me skal grilla, det blir lappar, vaflar og is. Det blir rett og slett eit friskt pust i kvardagen og ein dag der du ikkje treng å tenkja på middag, fortel Kai Arne Hårklau frå Voss Byggsenter

Aktivitetane denne dagen er ute hos dei forskjellige bedriftene frå Studio Sigdal Voss til NOBI i Brynalii og hos Rema1000 og Toyata på nedsida av vegen.

Med berre to kilometer til Vangen tilbyr bedriftene gratis parkering året rundt, men for familiedagen er det avtalt felles parkering hjå Post Nord.

— Me vil òg gjerne oppmoda til å ta sykkelen fatt og delta i sykkelløypa, seier Morten, og lovar premiar til alle born som deltek.

Arrangørane bak Palmaslepp håpar mange ynskjer å ta turen til Palmafossen den 6. mai. Blir arrangementet vellukka, blir det nemleg ein årleg tradisjon.

— Dette er noko me ynskjer å gjera til ei årleg greie, avsluttar Morten Lid, som i dette augneblikk allereie er i gong med å planleggja neste års olabilløp.

Sjå alle tilboda

Kveik AS

Kveik tilbyr kurs og kompetanse, arbeidstrening og formidling av arbeid. Med hovudformål å gjera det mogleg å koma i jobb eller utdanning samarbeider dei nært med lokalt næringsliv og har stort nettverk. Firmaet har i år 50 års jubileum og feirar denne dagen med gode naboar.

Font

Voss Byggsenter AS:

Voss Byggsenter har over 30 års erfaring med bygging av hus og hytte og er medlem av Blinkhus-kjeda. I tillegg er dei forhandlar av Saltdalshytta. Dei driv primært med nybygg, tilbygg, rehablitering og tomteutbygging.

Font

Studio Sigdal Voss

Sigdal er norskprodusert og har levert Sigdal-kjøkken sidan 90-talet. I den heilt nyrenoverte butikken kan du henta inspirasjon til ditt nye kjøkken og bad. I butikken finn du lekre utstillingar som perler på ei snor. Ta turen innom Studio Sigdal og sjå ein nydeleg, flott, nyopna butikk.

Bademiljø Stanghelle Rørleggerfirma AS

Stanghelle Rørlegger utfører alle rørleggjartenester og er også totalleverandør på komplette bad og våtrom. Dei har over femti års erfaring med ulike rørleggjartenester og har vore på Palmafossen i rundt ti år.

Font

Voss Liftutleige

Hjå Voss Liftutleie kan du leiga alt frå lift, anleggsmaskinar og det meste innan verktøy. Dei leiger både ut til bedrifter og privatpersonar og hjelper deg å finna rett utstyr som passar til arbeidsoppgåva di.

Besøk heimesida her

Toyota Voss

Toyota Voss feirar i år fem år på Palmafossen med knallgode prisar og godt utval av ferieklare brukte bilar! Dei feirar òg sitt beste kvartal gjennom tidene og har stort utval brukte og nye bilar på lager for rask levering. Med høgt fokus på service og kunnskap, nybilavdeling, bruktbilavdeling og serviceverkstad finn du alt du treng for bilhaldet ditt.

Sjå heimesida her

Font

Nobi Voss

Nobi på Palmafossen leverer dei fleste varene du treng til bruk i entrepenør- og bygningsbransjen. Bønder, hus- og hytteeigarar finn det meste dei treng til små og store byggjeoppgaver. Nobi har ekstra gode priser under Palmaslepp på hageprodukt som belegningsstein og heller.

Gesture, Triangle, Font, Rectangle

Rema 1000 Palmafossen

På denne daglegvarebutikken finn du alt du treng til kvardagshandelen til ekstra låge prisar. Alltid god stemning hos det som blir omtala som den hyggeligast kjøpmannen på Voss .

På palmasleppet stiller kjøpmann Mats med DJ, grilling og ekstra gode tilbod.

Byggtorget Martin Lid Trelast:

Byggtorget Martin Lid Trelast har alt du treng av materialar til både hus og hytte, store og mindre prosjekt. Dei har eit stort utval av trelast og byggjevare, og saman med sine 18 tilsette har dei høgt fokus på å yta god kundeservice.

Bird

Voss Fallskjermklubb

Norges største fallskjermklubb, som gjer over 30 000 fallskjermhopp kvar sommar. Du kan hoppa med oss kvar dag frå april-september. Alle er velkomne til vårt fine hoppfelt kvar dag heile sommeren, enten du vil hoppa, berre kikka, eller besøka kafeen vår i klubbhuset.

Font

IL Viljar

Det lokale idrettslaget på Palmafossen som i år feirar 90 års jubileum. Langrenn og fotball er hovudaktivitetane, men me har og randonee, aktivitetsskule og tysdagstrimmen for dei som ynskjer å gå tur kvar tysdag. Viljar har i år ansvaret for 17. mai feiringa på Voss.