Sports uniform, Head, Jersey, Gesture, Soccer, Sportswear, Player

CL mot Lyon: Laila Himle hadde alltid ein draum om å prøva seg i utlandet, og angrar på at ho ikkje reiste ut før. Her møtte ho Ada Hegerberg og Lyon i 1/8-finalen i Champions League i 2019. Foto: Nicholas Noreng

Den indre motivasjonen som dytta meg ut i det ukjende

– Ballferdigheitene til jentene i dag er noko heilt anna enn då eg vaks opp

Det seier Linda Fostervoll Kvamme som tok «tye double» med Røa i 2004.

46-åringen er imponert over teknikken og basisferdigheitene til dagens fotballjenter. Ho meiner det har vore store endringar sidan 80–90-talet.

– Heldigvis er jentene no meir likestilte med gutane med tanke på ressursar og treningsfasilitetar. I tillegg startar dei fleste med fotball i tidleg alder, noko som gjer at dei har utvikla teknikk som er mykje betre enn det me kunne skilta med på 90-talet. Då eg spelte, var det berre enkeltspelarar som kunne briljera med gode ballferdigheiter – me andre måtte bruka fart, duellkraft og ta kloke val. Dagens spelarar kan behandla ballen med stor fart, i tillegg til at dei er kvikke i hovudet. Dette har utvikla spelet i stor grad. I dag er det vel så flotte prestasjonar både individuelt og kollektivt i ein jentekamp som hjå gutane, meiner Linda.

Fekk fotballsko av «besto»

Linda starta ikkje å spela fotball før ho var 14 år. Det var besteforeldra som ivra for at ho skulle begynna.

– Det handla nok litt om at mamma og pappa ikkje ville eg skulle driva med fleire aktivitetar då eg alt var aktiv med trampett, ski, friidrett og dans. Eg klaga litt til «besten», som var skikkeleg fotballinteressert, og «besto». Det enda faktisk med at «besto» og eg gjekk på gamle Endeve Sport og kjøpte eit par Puma-knottesko og eit par leggskinn. Då kunne ikkje mamma og pappa seie nei, og eg starta fotballkarrieren på grusbana i Skulestadmo, fortel Linda lattermildt.

Idrettslaget Ørnar trengte spelarar for å kunne stilla lag. Fram til då var fotball for Linda å tjuvlåna ballen til storebroren og leika med den i hagen, i friminutta på skulen og spela løkkefotball på Utstillingsplassen – det som no er Vetleflaten omsorgssenter. Ho hadde ikkje plan om å spela på eit lag før klasseveninnene begynte å lokka ho.

Celebrating, Player, Gesture, Fan, Smile, Hat, Jersey, Championship

Cup-finalen: Linda Fostervoll Kvamme la bort satsinga på toppfotball etter 2005-sesongen og flytta tilbake til Voss. I dag er ho fotballmamma og bidreg som trenar på fleire lag samtidig som ho er ein del av sportsleg utval i FBK Voss.

Allsidig trening og lite skadar

Linda hadde stor treningsmengd, men det var alltid variert. Ei typisk veke inneheldt styrke eller ski avhengig av kva sesong det var, turn og trampett, uthald og fotballøkter – nokon dagar fleire økter. Ho og veninnene likte òg å leika med ball for seg sjølve på grusbana utanom trening.

– Eg vart aldri nokon eminent ballbehandlar – eg var nok litt gamal då eg starta med fotballen og gjekk glipp av nokre år med «ballen». Den allsidige idrettsbakgrunnen bidrog på ei anna side til at eg var lite skada og hadde stor kapasitet – i tillegg hadde eg nok litt flaks med gena mine som gjorde at eg var ganske rask, fortel ho.

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse

Voss, Sandviken og Røa

Då ho var 16, vart ho «henta» til damelaget til Voss og fekk eit anna perspektiv på fotballen. Ho kjende på meistring og vart nysgjerrig på kva ho kunne få til.

– Eg var ikkje noko talent, men fordelen min var at eg var nysgjerrig og hadde ein indre motivasjon som dytta meg ut i det ukjende. Eg hugsar at trenarane Bjarne Hagen og Per Kristian Ødegaard hadde invitert Sandviken til å sjå ein kamp me spelte. Dei fortalde heldigvis ikkje noko til meg om at det stod «speidarar» på haugen før etter kampen – dei kjende meg godt og visste at eg truleg ville gjera min dårlegaste kamp den sesongen dersom eg visste det, minnast ho.
Speidinga gjekk bra for Linda sin del, og ho starta å hospitera med Sandviken som 18-åring. Då vart fotballtreninga meir målretta.

– Då jobba eg systematisk med uthald, styrke og spenst i tillegg til alt eg klarde å få tid til med ball utanom fellesøkter med eit mål om å utvikla meg.
Linda fekk med seg seriesølv med Sandviken i hennar første år i toppfotballen som 20-åring. Vidare gjekk turen til Røa. Der oppnådde ho karrierens største sportslege høgdepunkt då dei tok «the double» i 2004.

– Å få springa rundt på Ullevaal stadion var stort, og å kunna løfta den store pokalen på kongetribunen etter kampen var magisk, skildrar ho.

Sports uniform, Active shorts, Ball game, Sky, Smile, Cloud, Player

Lagbilete FBK Voss: Kvalifisering til Toppserien med Voss. Tekst: 1999 var høgdepunktet i vossadrakta. Då spela laget om opprykk til Toppserien. – Me var ikkje fintspelande, men hadde lagmoral og ståpåvilje som kanskje overgjekk dei fleste, seier Linda Fostervoll Kvamme.

Fekk dekka busskort og ei utstyrspakke

Linda sin generasjon hadde andre føresetnadar for å lukkast med idretten enn det jentene har i dag. Kvinnefotball hadde låg status og det hang fortsatt igjen at dette var ein guteidrett. Som Toppserie-spelar i starten på 2000-talet, hadde alle jobb eller studiar ved sida av fotballen.

– Eg både studerte og jobba ved sida av å spela toppfotball. Eg fekk dekka busskortet mitt til trening og ei utstyrspakke. Dette har heldigvis endra seg, og rammene for å verta god er mykje betre i 2022.

Fleire kan i dag driva profesjonelt og dermed få ein god balanse mellom trening og kvile. Økonomi og kommersielle omsyn spelar fortsatt ei rolle i toppfotballen, og ein har enno ein veg å gå før jentene har dei same rammevilkåra som gutane.

Meir kompetanse på trenarsida

Linda trekker fram klubb- og trenarutvikling som ein viktig grunn til at aktiviteten er betre rusta no enn tidlegare.

– Det er mindre tilfeldig og spelarutviklinga er ikkje lenger avhengig av om ein foreldretrenar tilfeldigvis har brei erfaring eller gode trenarferdigheiter og pedagogiske evner.

Å få springa rundt på Ullevaal stadion var stort, og å kunna løfta den store pokalen på kongetribunen etter kampen var magisk

Linda Fostervoll Kvamme

Klaveness viser veg

Linda har, som fleire andre dei siste åra, latt seg imponera av Lise Klaveness, som ho òg hadde gleda av å spela saman med i Sandviken.

– Ho var ein fantastisk spelar, ekstremt intelligent og eit utruleg flott menneske som eg fekk høve til å bli kjend med. Å sjå korleis ho har bidrege med alt av sine ressursar, kompetanse og klokskap som spelar, fotballekspert samt viktige roller i norsk fotball, er utruleg kjekt.

Linda ser på Klaveness som eit førebilete med fagleg tyngde som har hatt stor betydning for at jenter og kvinner no yter respekt i fotball-Norge.

– I tillegg er ho reflektert og evnar å sjå fotballen si viktige rolle utanfor banen. Ho har uredd utfordra dei «høge» herrar internasjonalt. Det er skikkeleg imponerande og fortel alle unge jenter der ute at det er mogleg å koma opp og fram og å utgjera ein forskjell.

People in nature, Dog breed, Smile, Plant, Carnivore, Happy, Liver

Barne-/ungdomsbilde: Linda Fostervoll Kvamme har mange minne frå ungdomsåra. Gleda av å plussa på ein triksing til i rekorden, skåra hat-trick på ein klissvåt grasbane på Geitabakken (på Dale), reisa på Dana Cup og å ligga på flatseng i stor gymsal, snoping på kjekke ferjereiser til kampar og mykje meir.

Større mediedekning og betre økonomi

Laila Himle synest kvinnefotballen har tatt store steg dei siste åra.
Laila la opp som fotballspelar sommaren 2020. I dag er 30-åringen lærar på Leirvik barneskule på Stord. Sjølv om fotballen er lagt bort, likar ho framleis å konkurrera og er aktiv mosjonist på løping. Fotballen følger ho no i media. Den har endra seg stort frå då ho debuterte i Toppserien for Arna-Bjørnar i 2011.

– I starten av karrieren min på toppnivå var me heldige viss me fekk ein TV-kamp i løpet av sesongen. No blir samtlege kampar streama live og det er alltid ein eller to kampar som blir vist på TV.

Over 90 000 x 2 på Camp Nou

Profesjonaliseringa av kvinnefotballen er først og fremst synleg i utlandet. I 2015 valde Barcelona å satsa på kvinnene, og alt i 2019 nådde dei finalen i Champions League. Mars 2022 sette klubben verdsrekord med 91 553 tilskodarar på Camp Nou i kvartfinalen i Champions League mot Real Madrid. Semifinalen mot Wolfsburg på same arena blei utseld etter 24 timar. Her møtte 91 648 opp og den ferske rekorden blei slått mindre enn ein månad etter. Caroline Graham Hansen var sentral i begge kampane.

Treninga har endra seg

Kvinnefotballen tek større plass i dag. Nivået er høgare. Økonomien er betre. Treningskvardagen er annleis. Det er fleire moglegheiter for spelarar å prøva seg utanlands. Laila synest det er treninga som har endra seg mest dei siste 20 åra i tillegg til mediedekninga.

– Treninga er meir tilpassa individet. Det er mykje fokus på hurtigheit, eksplosivitet og rollespesifikk trening. Spelarar har fått tilrettelagt proffdagar. Det er fleire og fleire som kan ha fotballen som jobb. Då blir òg nivået betre, reflekterer ho.

Sports uniform, Shorts, Smile, Jersey, Player, Grass

Pokalen: Laila Himle avslutta karrieren med utanlandsopphald i Fortuna Hjørring i Danmark. Her blei det både serie- og cupgull for forsvarsspelaren.

Spelte med gutane

Laila starta å spela fotball då ho begynte på skulen seks år gamal.

– Eg hadde to eldre søsken som heldt på med det, og me spela omtrent kvar dag heime på garden på Himle. Det vart naturleg for meg, forklarar ho.

Sjølv om det etter kvart blei meir vanleg med reine jentelag, heldt Laila fram med å spela med gutane i tillegg.

– Eg fekk vera med på både treningar, kampar og cupar. Dette var nok avgjerande for den gode utviklinga eg hadde.

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse

Champions League mot Lyon

Laila har opplevd mykje som fotballspelar trass to lengre skadeavbrot med korsband. Spel for Arna-Bjørnar, Avaldsnes, Sandviken og Fortuna Hjørring. Høgdepunkta er Champions League-kampane mot Lyon og Ada Hegerberg, både med Avaldsnes og Fortuna Hjørring.

– I tillegg må cupfinalane nemnast sjølv om det blei tre tap i Norge. I Danmark lukkast eg omsider med både serie og cup.

Inspirert av Bøe Risa

Norun Skjeldal ser at det er mogleg for kvinnelege fotballspelarar å leva av idretten. 16-åringen frå Bulken blir inspirert av jenter som har ei fotballkarriere internasjonalt, som til dømes Vilde Bøe Risa i Manchester United.

– For meg er ho eit symbol på at kvinnefotballen er i utvikling og at dei jentene som legg ned ein stor innsats får moglegheit til å leva av å spela fotball.

Draumen er å spela på det øvste nivået i Norge. Planen er å vera tolmodig og å trena godt.

– Eg vil ta alle sjansar og moglegheiter som kjem, konstaterer ho.

Sports uniform, Sky, Shorts, Jersey, Leg, Cloud, Sleeve, Plant, Sportswear

Damelag/Voss: Spissen frå Bulken er sentral på Voss i 3. divisjon og har mål om Toppserien etter kvart.

Mykje fotball heime

Norun starta å spela fotball på Bulken då ho gjekk i 1. klasse, men konkluderte tidleg med at dette ikkje var noko for ho akkurat då. Men i 3. klasse starta ho opp att og er i dag ein sentral spelar på damelaget til Voss i 3. divisjon.

– Både mamma og pappa var aktive fotballspelarar og eg var ofte med dei på treningane. Me spela mykje fotball heime og på skulen saman med klassekameratar, fortel Norun, som går på toppidrettslina ved Voss gymnas.

Som elev ved toppidrettslina, får ho ekstra trening i skuletida. Øktene om vinteren er varierte med ulike idrettar, medan våren og sommaren er mest med ball.

– Skulen og klubben er flinke til å samkøyra vekene, slik at me får godt utbyte.

Spelar på lag med idolet

Då ho var liten, var ikkje idolet langt vekke. Damelaget på Voss var tidleg eit mål og ho såg opp til Sanna Skulstad Dregelid. I dag spelar dei på same lag.

– Sanna var, og er, mitt fotballidol. Eg blei tidleg fasinert av ho som spelar fordi ho hadde gode ferdigheiter. Norun trivst på damelaget saman med gode vener.

– Me har det kjekt både på og utanfor bana. Me har eit lag der det er mogleg å utvikla seg både individuelt og som lag.

Det ho likar best med fotballen er å kjenna at konkurranseinstinktet blir aktivert.

– Heile følelesespekteret blir utforda. Det å konkurrera på trening og kjensla ein får når laget vinn kampar, må opplevast, avsluttar ho.

Skribent Voss Cup

Laila Himle

Skribent Voss Cup

Navn Navnesen

Vennlig hilsen

Posisjon / stilling

Amedia Kreativ