Ball game, Player, Grass

Eirik Hauge har kontroll på det mest av det tekniske som trengs under ein slik stor fotballcup. Foto: Mona Tryti Lansiquot

Dugnadsinnsatsen på Voss Cup

Voss Cup har heilt sidan 1991 vore ein fotballfest for store og små. Cupen har med åra vakse, og vorte stadig meir populær. Når ein ser tilbake på debutåret, kunne ein telja 206 påmeldte lag, medan ein i 2022 kan telja 670 lag! Med så mange lag, på eit så flott arrangement, seier det seg sjølv at ein treng folk som er villige til å ta i eit tak eller to. Ein treng folk som står på både seint og tidleg, og som er villige til å leggja ned dei tallause timane det tek for å få hjula til å gå rundt. For det er nettopp dette denne storslåtte fotballfesten er avhengig av; god gammaldags dugnad.

Alle som spelar eller har spelt fotball i klubben, er godt kjent med at Voss Cup ikkje er over sjølv om ein er blitt for gamal for å delta. Med ein gong ein er blitt for gamal, ventar dugnad rundt cupen. Ein startar gjerne med enklare, men vel så viktige oppgåver, som å rydde og halde området reint og fint. Vidare jobbar ein kanskje i matsalen eller i kioskane. Etter kvart som ein vert eldre og seniorspelar jobbar ein gjerne i sekretariatet, har ansvar for matlevering eller som dommar. På denne måten fylgjer ein «stigen» oppover som dugnadsytar i klubben.

Bicycles--Equipment and supplies, Bicycle wheel, Tire, Cloud, Building, Sky, Tree

Det er god betaling for mange dugnadstimar, når ein ser den store fotballgleda som utspelar seg under Voss Cup, seier Eirik Hauge. Foto: Mona Tryti Lansiquot

Det er ikkje berre dei som sjølv spelar fotball for klubben som gjer dugnad. Både foreldre/føresette og trenarar gjer ein kjempestor og viktig dugnad. Ikkje nok med det, men klubben er så heldig at ein har frivillige og «gamle» spelarar som ikkje lenger er aktive, som er villige til bidra med dugnad under Voss Cup. Dette er folk som synes det er moro med cup, og som ynskjer å vera med på å skape ei kjekk helg for både store og små.

Ein møter mange kjende ifrå ein spelte fotball sjølv, og eg har eit ynskje om at andre skal få oppleva da eg har vore so heldig å få oppleva i fotballen.

Eirik Hauge

Ein av dei som ikkje lenger er aktiv i klubben, men som likevel er ein viktig bidragsytar under Voss Cup, er Eirik Hauge. Eirik har vore innom det meste når det gjeld dugnad under Voss Cup. Han har bl.a. vore innom dømming, dommarsekretariatet, vore salsansvarleg, «alt-mogleg-mann», og ikkje minst turneringsleiar sin personlege «slave». Dei siste åra har han ikkje hatt noko spesiell oppgåva, men vore med på alt frå telt og rigg, elektro, ansvar for bilar og andre generelle ting. Med andre ord kan ein seie at Eirik har vore med på det aller meste, og at lista er lang. I år reknar han med at det er elektro og telt som står på programmet. I tillegg ser han ikkje vekk i frå at det kjem eit par telefonar frå «systo» Silje Hauge (dagleg leiar FBK Voss), med eit par «små» jobbar til han.

Footwear, Trousers, Jeans, Shoe, Shorts, Asphalt

Dugnadsiveren er stor under Voss Cup. 4-5 årsverk er i sving, berre i dugnad! Foto: Mona Tryti Lansiquot

Når ein les kor mykje Eirik har vore med på, kan ein lure litt på kvifor han vel å bruke så mykje tid og krefter på denne cupen. Svaret er eigentleg ganske enkelt og greitt, «da e kjekt». Eirik fortel «Ein møter mange kjende ifrå ein spelte fotball sjølv, og eg har eit ynskje om at andre skal få oppleva da eg har vore so heldig å få oppleva i fotballen. Og både sjå so glade ungar, og eit so stort apparat som får til so mykje på eit par dagar er unikt. Og ikkje minst eit par turar for mykje innom grillen, og dugnadsfesten på sundagen etter at Voss Cup er ferdig.

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse

Me i FBK Voss er utruleg takksame, stolte og ikkje minst heilt avhengige av alle dei som jobbar dugnad og som er med på å gjere Voss Cup mogleg. Cupen som er så utruleg viktig. Viktig økonomisk for klubben, men ikkje minst viktig fordi han er med på å skape så mange flotte augneblink og livslange minner. Eirik sjølv hugsar det å delta på Voss Cup som rein glede, og som gode minner. Spesielt godt hugsar han Voss Cup 2001, då han dessverre gjekk på sitt fyrste tap nokon gong, 2-3 mot Bønes Desperados. Han reknar dette som ein av dei mørkare dagane i sin fotballsoga, men igjen understrekar han at Voss Cup berre var, og framleis er, rein glede. FBK Voss ynskjer å takka alle som legg ned ein utrulege dugnadsinnsatsen i forkant av, under og etter cupen. Ingen dunad, ingen cup!

Ina Mørkve

Skribent Voss Cup

Amedia Kreativ