Spel fair; både på banen, utenfor banen og i naturen! Foto: Geir Geitle, Avisa Hordaland
Gjennomfør fair play helsinga før kamp på banen, og utenfor banen etter kampen. Foto: Geir Geitle, Avisa Hordaland
På Voss Cup har me stort fokus på Fair Play. Dette er viktig for å skape trygge rammer og gode opplevingar for alle som deltek. Før kampen skal begge lag helsa Fair Play og ynskje motstandaren lykke til med kampen. Dette gjer du ved å halde ut handa di og sei «Lykke til», når du passerer kvar enkelt spelar.
På Voss Cup har me stort fokus på Fair Play. Dette er viktig for å skape trygge rammer og gode opplevingar for alle som deltek.
Anne Hjortland
Voss Cup ynskjer å ha fokus på grøn cup. Det vil sei at me har eit stort fokus på kjeldesortering og gjenbruk, og me håpar at du og vil delta i dette viktige arbeidet for miljøet vårt. Indre Hordaland Miljøverk, ein av våre flotte sponsorar, har sett ut mange avfallspunkt som skal gjere det enkelt for oss alle å sortere bosset vårt riktig. Dette må du også hjelpa oss med! Gjenbruk er også viktig for oss og miljøet vårt. I år vil Voss Cup ha eit utsal på cupen, med gjenbruksklede. Det er viktig at me tenkjer at å kjøpe brukt er bra for miljøet og lommeboka. Me håpar mange vil nytta seg av dette flotte tilbodet. Her er det mogleg å levere inn utstyr som er blitt for lite, og skaffe seg fint brukt ustyr.
Resepekt på og utanfor bana! Foto: Natasha Lansiquot
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Annonse
Er fotballskoa blitt for små? Det vil bli sett fram fotballsko i ulike storleikar i teltet på Prestegardslandet. Her kan du kanskje finne sko i din storleik, og du kan sette frå deg fotballsko du ikkje lengre kan bruke. Så kan dei kome til nytte for nokon andre.
Då vil eg ønske deg og laget ditt lykke til på Voss Cup. La oss saman skape magiske fotballaugneblink, og gjera kvarandre gode.
Anne Hjortland
Helsing
Fair play ansvarleg Voss Cup
Artikkelkarusellen
blir lagt inn når alle
artiklene er satt
Amedia Kreativ