Sports equipment, Ball game, Shorts, Football, Soccer, Player, Plant, Jersey

Vossingen Isak Solberg er keeper for Noreg sitt G19 landslag og Tottenham Hotspurs. Foto: NFF, frå aftenbladet.no

Frå Voss Cup til Tottenham Hotspur Stadium!

Vossingen Isak Midtun Solberg lever alle fotballspelarar sin draum i London. I 2019 signerte keeperen for Tottenham, klubben til dei tidlegare norske toppkeeperane Erik Thorstvedt, Frode Grodås og Espen Baardsen. Berre 17 år gamal flytta han frå familie og trygge omgjevnader for å verta fotballproff for «Spurs».

Isak Solberg

Født: 28.06 2003 på Voss
Høgde: 190 cm
Klubb: Tottenham Hotspur FC
Tidlegare klubbar: FBK Voss, Bryne, Tromsø
Landslag: G19

Som liten gut brukte Isak enormt mange timar på fotballbanane på Voss. Både for å trena sjølv, men òg for å vera med pappa Thomas på treningar for FBK Voss. Pappa har alltid vore det store idolet, og er det framleis. Thomas Solberg var i mange år keeper for FBK Voss, og vart rekna for ein av dei beste keeperane i distriktet. Vesle Isak var glad i fotball, og var ofte med på treningane. Gradvis vart grunnlaget lagt for det som brått har utvikla seg til å bli noko heilt anna enn kva Isak sjølv forventa.

Eg var veldig interessert. Såg mykje fotball på TV, og me var fleire turar til England. Men likevel hadde eg verken håp eller draum om å bli proff. Eg spela fordi det var moro, og såg ikkje for meg å bli så veldig god. Denne motivasjon kom fyrst i tenåra.

Født:
28.06 2003 på Voss

Høgde:
190 cm

Klubb:
Tottenham Hotspur FC

Født:
28.06 2003 på Voss

Høgde:
190 cm

Klubb:
Tottenham Hotspur FC

Tidlegare klubbar:
FBK Voss, Bryne, Tromsø

Landslag:
G19

Isak Solberg

Tidlegare klubbar:
FBK Voss, Bryne, Tromsø

Landslag:
G19

Født:
28.06 2003 på Voss

Høgde:
190 cm

Landslag:
G19

Isak Solberg

Klubb:
Tottenham Hotspur FC

Tidlegare klubbar:
FBK Voss, Bryne, Tromsø

Født:
28.06 2003 på Voss

Høgde:
190 cm

Klubb:
Tottenham Hotspur FC

Tidlegare klubbar:
FBK Voss, Bryne, Tromsø

Landslag:
G19

Isak Solberg

Voss Cup – cupen som aldri tok slutt!

Isak vaks opp i Haugamoen på Voss, eit steinkast frå banane og aktiviteten til FBK Voss. Her har han mange gode fotballminner, og spesielt sterkt hugsar han Voss Cup.

– Voss Cup var, og er, heilt unikt. Det føltes for meg som om den cupen aldri tok slutt. Heile tre dagar med cup! Slik var det ikkje med andre cupar eg var med på, der ein reiste fram og tilbake. Andre cupar handla om kampane, og ikkje så mykje meir. Voss Cup var ei større pakke med opplevingar. Sjølv om kampane var slutt, så slutta ikkje opplevingane. I tillegg var dette også ei stor dugnadshelg for mamma og pappa. Det var stas å få vera med å hjelpa til, og eg koste meg med å hjelpa til i kiosken der mamma hadde vakta si.

Sports equipment, Soccer, Plant, Shorts, Football, Jersey, Tree, Ball, Grass, Sportswear

Voss Cup var det store høgdepunktet for vesle Isak. "Det føltes for meg som om at cupen aldri tok slutt" Foto: Privat

Frå Voss, til Nordens Paris, og vidare til griselukt på Jæren.

Så enda det med at familien bytte ut ”Vene Voss” med Nordens Paris; Tromsø. Pappa Thomas fekk jobb der som keepertrenar, og familien vart med på lasset. Det var ein heilt ny start. Nye venner og ny skule. Heldigvis vart eg raskt involvert i fotballen. På Voss kjende eg «alle», no vart det eit langt større miljø. Her måtte eg ut av komfortsona, og få meg nye vener. Eg spelte på gutelaget, og var med på nokre helge-fotballskular for Tromsø. Fotball var kjekt, og her var eg utespelar. Det skjer raskt i fotballverda, og då pappa fekk jobb som keepertrenar i Bryne, sette heile familien kursen mot Jæren.

– Det var her eg starta litt som keeper, men ikkje så veldig spissa. Då eg var 13-14 år var det sonesamlingar i Rogaland. Ein ven av meg skulle eigentleg på den samlinga som keeper. Då han ikkje kunne stille, sende Bryne meg som erstattar. «Eg er eigentleg utespelar, ikkje keeper», sa eg då eg møtte opp. Men dei hadde allereie registrert meg som keeper, så då blei det til det. Det gjekk ganske bra, og eg fekk litt coaching frå pappa. Etter denne samlinga vart eg tatt ut igjen, noko eg absolutt ikkje hadde forventa. Då bestemte eg for å satsa, og trente meir seriøst og mykje saman med pappa. Då vart det skikkeleg kjekt.

– Rundt 2017 vart det full satsing som keeper. Eg var fortsatt ganske fersk, opp mot dei andre som hadde meir erfaring med å stå i mål. Eg begynte å trena meir og meir fast med juniorlaget til Bryne. Eg var også litt innom A-laget. Pappa var ikkje keepertrenar då, og det var eigentleg veldig bra for meg, fordi eg då fekk tid til ekstratreningar saman med han. Også når eg var på A-laget, var det bra at pappa ikkje var der. Då slapp eg «pappa sin gut»-stempelet.

– Rundt 2017 vart det full satsing som keeper. Eg var fortsatt ganske fersk, opp mot dei andre som hadde meir erfaring med å stå i mål. Eg begynte å trena meir og meir fast med juniorlaget til Bryne. Eg var også litt innom A-laget. Pappa var ikkje keepertrenar då, og det var eigentleg veldig bra for meg, fordi eg då fekk tid til ekstratreningar saman med han. Også når eg var på A-laget, var det bra at pappa ikkje var der. Då slapp eg «pappa sin gut»-stempelet.

For denne kameratgjengen handla det om å ha det kjekt, og det hadde dei – spesielt under Voss Cup! Foto: Privat

Utan mamma og pappa i London

Midt oppi alt dette var Isak på treningssamling med G15-landslaget i Porsgrunn. Brått ein dag ringjer telefonen i klubblokala til Bryne. Tottenham Hotspur vil ha Isak over på eit prøvespel!

– Dette hadde eg ikkje sett for meg. Eg reiste deretter over til London med pappa. Me snakka om at dette vert nok med den eine gongen, så eg får nyta det og gjera mitt beste. Eg hadde ingenting å tapa.

Dette var ei heilt ny verd for Isak. Men Isak gjorde det så bra at han vart invitert tilbake fleire gonger. Til slutt kom sjokkbeskjeden: Tottenham ynskte å signera kontrakt med Isak så snart han vart 16.

– Det var eit sjokk! Eg fullførte ungdomsskulen og flytta til London straks eg fylte 16 år i 2019. Eg flytta til ein vertsfamilie, som var tilsette av klubben, og her bur eg endå. Dei får betalt for å ha 1-2 spelarar buande hjå seg. Her bur eg veldig fint med vertsmor og dottera hennar, med kort veg til treningsanlegget. Dei har vore veldig gjestfrie, og eg har følt meg som heima heile tida. Verken dei eller eg visste nok kva me sa ja til, men det har heldigvis gått veldig bra. No er eg eg ikkje redd for å finna meg litt mat, ta ein dusj eller andre slike småting.

Men det var ikkje berre enkelt i starten. Det å seia adjø til mamma og pappa, og så stå aleine igjen i London, var tungt for unge Isak.

– Det var tøft. Hadde eg tatt det rette valet? No var dei ikkje berre ein svipptur unna. No var eg i eit heilt anna land, heilt åleine. Eit land med egg, bønner og toast til frukost. Eg sakna mamma sitt heimelaga brød med kvitost og paprika. Dei fyrste månadane snakka me saman på FaceTime kvar dag, 2-3 gonger om dagen. Det var redninga.

Playing sports, Ball game, Plant, Player, Football, Tree, Soccer, Leisure

Heilt fram til Isak var 13-14 år var han utespelar, så snudde ein sonesamling det. Foto: Privat

Livet som fotballproff

Etter kvart kom Isak gradvis betre inn i rutinane til Tottenham. Dagen startar med at han reiser inn på feltet klokka 9 til felles frukost før trening. Deretter er det lunsj, avslapping og litt styrketrening. Dagen blir avslutta med analyse og møte. Her er også resten av Tottenham-galleriet samla, alle er på same feltet. Men A-laget har eit eige felt med 4-5 eigne banar. Her er det meir luksus, og eit meir moderne anlegg, og dei held seg for det meste for seg sjølve. U9-U23 deler på resten av det enorme feltet, med 12-13 banar.

– Det tok litt tid å kome inn i alt dette, og då eg endeleg gjorde det, så kom koronaen. Digg med nokre dagar heima, tenkte eg. Men det snudde fort då eg vart verande heima i 5 månadar. Det er fyrst no at ting har blitt normalt igjen.

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse

Etter at Isak fekk kontrakt med U23-laget har det vorte fleire innhopp på A-lagstreningar. Desse laga trenar samtidig. Trengs det spelarar for å fylla opp på A-laget, er det U23 som vert kalla opp. Det er heller ikkje alltid fyrste-lagsstjernene treng trena, og/eller dei er småskada. Dermed har det vorte fleire treningar på Isak med A-laget.

– Her får eg mykje verdifull trening og litt prat med keeperar og trenarar. Men etter treningane er det slutt, og eg vert då sendt tilbake til gruppa mi. Eg hadde ganske høg puls dei fyrste gongene. Men no kjenner eg litt meir til kva det går i. Så no nyt eg det langt meir. Det er klart det er stort å trena med Lloris, Gollini og Joe Hart (tidlegare Tottenham). Likeså å snakka og diskutera med desse stjernene. Dei erfarne spelarane kjem med litt råd, samtidig er dei ikkje barnevakt for meg. Men dei er flinke til å involvera meg som ein del av dei. I tillegg er det eit enormt trøkk på boks-øktene med Son, Kane og resten av spelarane.

Ein ung Isak i mål for FBK Voss. 10 år etter dette stoppar han skudd frå Harry Kane på Tottenham treningane. Foto: Privat

«Ein er aldri så god som du trur, eller så dårleg som du trur»

Det å vera keeper er ein sårbar posisjon. Tabbane er synlege, og det er kort veg frå helt til syndebukk.

– Den største forskjellen på Noreg og England, er at tilbakemeldingane her er mykje meir direkte. Det måtte eg berre bli vant til. Er du berre 17 år på A-laget, ja; då får du kjeft uansett. Ein liten bagatell; kjeft. Slik er det heilt til dess ein er på topp. Slik fungerer hierarkiet. Eg brukar å leva etter: «ein er aldri så god som du trur, eller så dårleg som du trur». Det hjelper og å analyser det som har vore bra, og mindre bra etterpå. Det gjer at eg sit igjen med ei betre kjensle i etterkant. Det gjeld å slappa av, tenkja over heile treninga, ikkje berre ein situasjon. Det har og vorte nokre tabbar som keeper, desse må eg berre lære meg å leva med. Eg begynte seinare enn andre som keeper, og var ikkje like god som det nivået eg spelte på. Eg gjorde også fleire feil enn vanleg i starten. Men det haustar eg frukter av no. Eg har vokse på desse erfaringane.

Det å ha vore utespelar, og spesialisert seg i seinare år, har ikkje vore noko ulempe for Isak. Med denne erfaringa, er ein av hans største styrke, ball i beina.

– Eg er ein komfortabel spelande keeper, og likar å spela meg ut. Det å knusa ballen langt vekk er eg ikkje fan av. Framover no må eg jobba meir med smart posisjonering; kor skal eg plassera meg alt etter kvar ballen er for å levera best mogleg. Spesielt i innlags-situasjonar.

Då studerer Isak seg sjølv lenge og mykje. Men han hentar òg mykje inspirasjon frå andre keeperar.

– Førebileta mine er Manuel Neuer, og den «ekte» Schmeichel. Den råskapen dei innehar er heilt enorm. Eg likar spelestilen deira.

– Det tok litt tid å kome inn i alt dette, og då eg endeleg gjorde det, så kom koronaen.

Isak Midtun Solberg

Ei spanande og uviss framtid

No går Isak ei ekstra spennande tid i vente. Tottenham-framtida skal avgjerast til sommaren; enten vert det ny kontrakt eller ikkje. Dette har Isak eit avslappa forhold til.

– Eg syns dette er spennande. Avgjersla vert tatt etter sesongen. Agenten min og eg har diskutert dette, så me får sjå. Me har og tett dialog med Tottenham. Eg har uansett hatt tre veldig fine år her, så får ein sjå vidare. Det som uansett er klart er at eg skal til Noreg på landslagssamling etter sesongen. Då er det EM-kvalifisering i Nederland i juni. Går ein vidare der, ventar EM allereie 18. juni. I tillegg har eg ei travel tid i vente, då eg må heim for å ta sluttvurderinga på vidaregåande. Eg har fullført den over Teams i England.

Trass ei travel tid, vert det nokre turar til Bryne og til Voss. Kanskje er me så heldige at Isak også kjem innom Voss Cup?

– Ein skal ikkje sjå vekk i frå det! Det hadde vore skikkeleg moro med ei vakt i kiosken!

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse

«Kos deg med fotballen og Voss Cup»

Til slutt kjem Isak med nokre gode råd til håpefulle Voss Cup-spelarar, og engasjerte Voss Cup- trenarar.

– Det handlar om å kosa seg med fotball som ung. Spel mykje og ofte, la lysta styre dette. For min del har interessa kome og gått litt. Slik er det kanskje for fleire. Til trenarane vil eg seie at det må vera ein god balanse mellom det at ein gjer sitt beste, til det å ha god innsats. Innsats må vera hovudfokus. Samtidig som eg er tilhengjar av litt disiplin. Gjer ein sitt beste så blir dette bra.

Det er ein litt misunneleg Isak som gjerne kunne spelt Voss Cup enda fleire gonger, og minna frå cupen kjem som perler på ei snor.

– Det å spela så mange kampar, det sosiale, spela på hovudbanen og med den ramma rundt. Hengja med kompisar, og ein tur i kiosken. Sommar og vennskap. Eg var utspelar den gongen og eg elska å skåra mål. Voss Cup er sterke og gode minner som eg framleis har med meg.

Enten eller med Isak

Sommar

X

Vinter


Sjø

X

Fjell


London


Voss

X

Taco

X

Pizza


Gras1

X

Kiwibanen


Voss Cup

X

Norway Cup


Cola


Pepsi

X

Donnarumma


Neuer

X

Sommar


Vinter


Sjø


Fjell


London


Voss


Taco


Pizza


Gras1


Kiwibanen


Voss Cup


Norway Cup


Cola


Pepsi


Donnarumma


Neuer

Sommar


Vinter


Sjø


Fjell


London


Voss


Taco


Pizza


Gras1


Kiwibanen


Voss Cup


Norway Cup


Cola


Pepsi


Donnarumma


Neuer

Øystein Ygre Skorve

Skribent Voss Cup

Amedia Kreativ