Voss Cup bidreg til gode barndomsminner, skriv kultur- og likestillingsminister Anette Trettenbergsstuen
Det å kunna driva med idrett og fysisk aktivitet er viktig både for den kroppslege og mentale helsa, men først og fremst er det utruleg gøy! Eg håper dokker får mange gode opplevingar frå denne helga og reiser heim med gode minne og nye vennskap. Då eg var lita, lærte eg at det viktigaste ikkje er å vinna, men å delta. Og hugs at sjølv om det er enkeltspelarar som skårar mål, er det laget som heilskap som vinn kampen. Alle skal med, og alle trengst!
Kultur- og likestillingsministeren gjev tommel opp for dugnadsånda!
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Annonse
Voss Cup og liknande arrangement over heile landet bidreg til gode barndomsminne og er viktige for oppveksten til barna våre. Eg vil difor retta ein spesiell takk til alle dei frivillige over heile landet som legg ned ein formidabel innsats for at barn skal få ei god og meiningsfull fritid.
Lykke til!
Anette Trettebergstuen
Kultur- og likestillingsminister
Artikkelkarusellen
blir lagt inn når alle
artiklene er satt
Amedia Kreativ