Sports equipment, Natural environment, Outdoor recreation, Helmet, Boat, Water, Lifejacket, Paddle, Vehicle

Familierafting: Med aktivitetskortet får alle spelarar, blant anna ein gratis billett til familierafting hjå Voss Active.

Ta turen tilbake til Voss!

Voss Cup er ei stor oppleving for deg som deltakar og deg som er med rundt laget. Voss Cup er også veldig stort for heile den flotte bygda vår. Denne helga doblar me folketalet, og denne fotballfesten er eit høgdepunkt for små og store!

Men vene Voss er så mykje meir enn Voss Cup. Difor ynskjer me gjerne deg som besøkande på Voss Cup; velkomen tilbake til oss! Voss Cup har mange gode samarbeidspartnarar som er med på laget vårt. Saman med dei har me gleda av å tilby alle spelarar eit aktivt og unikt aktivitetskort, slik at du kan få kome tilbake igjen og oppleva litt av det Vossabygda har å by på!

Sjå berre her kva du som deltakar får:

Myrkdalen Fjellendsby: Vinterstid er det skiglede som er i fokus hjå Myrkdalen Fjellandsby, med familievenlege og varierte bakkar, løyper og parkar. Sommarstid kan du ta Myrkdalsekspressen og bli frakta opp på fjellet. Herifrå kan du gå opp til Finnbunuten og nyta utsikten, eller ta turen ned til Fjellstova Vetlebotn for ein god lunsj. Velkomen, anten du kjem på dagstur eller vil overnatta på Myrkdalen Hotel.

Bicycles--Equipment and supplies, Bicycle helmet, Footwear, Wheel, Sky, Tire, Vehicle

Myrkdalen Fjellendsby: Myrkdalen Fjellandsby har mykje moro å tilby, både vinter som sommar.

Fleischer's Hotel er et moderne hotell, som er rikt på tradisjonar. Hotellet stod ferdig i 1889, bygd i sveitsarstil. Det blei raskt ettertrakta blant turistar, mykje på grunn av byggestilen. Det er eit unikt hotell, kjent for sin ærverdige atmosfære, storslagne spisesal og imøtekomande vertskap. Hotellet har eit basseng, der deltakarar på Voss Cup kan få seg ein dukkert. Hugs å tinge time på førehand.

Swimming pool, Interior design, Water, Property, Azure, Shade, Architecture, Leisure, Floor, Plant

Fleischer's Hotel: Hjå Flesicher hotel kan aktive fotballspelarar kome tilbake, etter cupen, for ein dukkert.

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse

Voss Active tilbyr blant anna både familierafting og klatrepark. Familierafting er perfekt for familiar med born, skuleklassar og idrettslag der ein er under 15 år – og for dei som trur Strandaelva blir for tøff. Voss klatrepark ligg i naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva i Åsbrekkegjelet. Løypene er varierte, morosame og utfordrande for både born og vaksne. I parken er det to store løyper og ei ziplineløype for dei over 140 cm. Du finn også over 23 element, pluss fire ziplinar fordelt på fire små løyper for dei over 100 cm.

Shorts, Tree

Klatrepark: Ein perfekt lagbyggingsaktivitet er ein tur i klatreparken.

Vossabadet: Det største bassenget vårt er treningsbassenget, som er 25 meter langt og held internasjonal konkurransestandard. Med seks symjebaner er det god plass til både mosjonistar og aktive symjarar. Her legg me ut den kjekke hinderløypa vår i helger og feriar! Det karakteristiske stupetårnet i Vossabadet har eit eige stupebasseng knytt til seg. Her kan du hoppa frå ein, tre og fem meters høgde.

Swimming pool, Water, Leisure

Vossbadet: Her kan sveitte fotballspelarar få kjølt seg ned, ved neste tur til Voss.

Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter. Her finn du heile 40 km med preparerte løyper for alle nivå i tillegg til fleire spennande off-piste område, og eit av dei aller beste kvelskøyringstilboda i Europa. Med Voss Gondol kjem du deg direkte frå togstasjonen og opp til skianlegget på under ni minutt!

Natural landscape, Atmospheric phenomenon, Atmosphere, Sky, Mountain, Cloud, World, Slope

Voss Resort: Kveldskøyring i Voss Resort er noko ein absolutt må prøve seg på, når fotballskoa er bytt ut med skisko.

Med dette vil me takka dykk alle for at de kom til Voss Cup 2022! Me er veldig glade for at de kjem hit år etter år! Me startar snart med planlegginga av neste års cup, og håpar me ser deg der!

01.11.22 opnar me påmeldinga, og alle som melder seg på før 24.12.22 får nytte seg av vårt early bird-tilbod. I år fekk alle som meldte seg på før 24.12 gratis dagskort i Voss Resort og Myrkdalen Fjellandsby. Følg Voss Cup på Facebook og sjekk ut heimesida vår Vosscup.no, slik at du får med deg kva neste års early bird-tilbod vert!

Og merk datoen:
16.-18. juni 2023!

Ha ein strålande cup, og velkomen tilbake til Voss og Voss Cup!

Sky, Cloud, Tree

Me gler oss veldig til å sjå dykk til neste år også! Husk å meld deg på vårt nyhetsbrev, slik at du er sikra den beste informasjonen fyrst! Sjå vosscup.no for meir informasjon om årets cup. Foto: Mona Tryti Lansiqout

VOSS CUP

Heiarop, skrik og skrål
skrubbsår på knea
og mål, mål, mål
Vennskap blir knytt
og gledesklemmar bytt
Det er Voss Cup det!

Fair play
samhald og fest
Velkommen til kvar einaste gjest
fotball, servering og grill
moro og leik høyrer også til
Det er Voss Cup det!

Yrande lykke
og jublande hyl
Ballen går i taktfast rekyl
snørr og tårer og blod og spytt
kampen går vidare
mens skoen blir knytt
Det er Voss Cup det

Leiken er fokus
med latter og smil
Opptak blir gjort frå mammas mobil
Kiosk og servering, med pølser og snop
Beviset på dugnad, her held me i hop
Det er Voss Cup det!

Borghild Ygre Skorve

Øystein Ygre Skorve

Skribent Voss Cup

Amedia Kreativ