Outdoor recreation, Competition event, Cloud, Sky, Smile, Plant, Player, Tree, Sleeve, Gesture

Etter to år med pandemi er det ei stor glede å ynskje alle velkomen tilbake til Voss Cup! Foto: Marita Saue Hamre

Velkomen til Voss og Voss Cup!

Fotballklubben Voss kan endeleg ynskje velkomen igjen til Voss og Voss Cup. Etter to år med pandemi, ser me no fram til ei helg fylt med glede, humør og samhald. Me vil skape ei minnerik helg, med stolte augneblink for store og små!

Voss Cup er Noregs største barneturnering med 670 lag og rundt 7000 deltakarar. I tillegg kjem det mange tilreisande (foreldre/føresette besteforeldre osb), noko som gjer at folketalet på Voss vert dobla denne helga!

Det vert spelt rundt 1440 kampar frå fredag ettermiddag til sundag ettermiddag, fordelt på 33 banar. Me er så ufatteleg stolte over og glade for at spelarar, trenarar og klubbar kjem tilbake år etter år til oss! I år er det eit ekstra spesielt år, og me er så glade for at Vossabygda igjen vert fylt opp med ivrige fotballspelarar. Voss Cup skal vera årets høgdepunkt for alle deltakarar!

Me er så ufatteleg stolte over og glade for at spelarar, trenarar og klubbar kjem tilbake år etter år til oss!

Hallgeir Finbråten

Denne cupen krev ein enorm dugnadsinnsats! Det vert lagt ned 7-8000 dugnadstimar, og rundt 1000 personar er i sving gjennom helga. Det betyr 4-5 årsverk på ei helg, berre i dugnad! Utan den fantastiske dugnadsinnsatsen, ingen Voss Cup. Tusen takk til alle frivillige som stiller opp!

FBK Voss ynskjer denne helga å tilby eit solid og meiningsfullt aktivitetstilbod til born og unge, gjennom tryggleik, trivsel og tilhøyrsle.
Me er både audmjuke og stolte over at Voss Cup gjennom åra har vakse seg fram til den cupen som den er i dag. Det er svært mange å takke for at det er blitt slik, frå grunnleggarane i 1991 og alle som har bidrege med mange, mange dugnadstimar opp gjennom åra. FBK Voss og Vossabygda har grunn til å vere stolt av det!

Natural landscape, Water, Mountain, Plant, Building, Sky, Highland, Lake, Tree, Vegetation

Endeleg vert det full fotballaktivitet over heile området vårt! Foto: Kenneth Kleppe, UAS Voss.

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse

Me fører vidare vårt fokus på Fair Play, i år i samarbeid med klubbane i vår sone. Me ynskjer godt humør og ei løysingsorientert innstilling hjå alle, noko som gjev ein triveleg cup. Dette er eit felles ansvar som me håpar me alle kan løyse i lag.

Me vil ha eit forsterka fokus på «Grøn cup» i samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk. Her vil det vere fokus på kjeldesortering; og at me skal ha det reint og fint rundt oss gjennom helga. Me håpar alle kan hjelpe oss med dette!

Me vil og oppfordre deg til å besøke heimesida vår vosscup.no, og melde seg på vårt nyheitsbrev. Slik får du den beste informasjonen fyrst.

Med dette ynskjer me alle spelarar, trenarar, foreldre/føresette, besteforeldre, venner, supporterar og alle andre hjarteleg velkomen til Voss og Voss Cup!

Hallgeir Finbråten

Med beste helsing

Turneringsleiar

Amedia Kreativ