Den gjeve prisen vart overrekt i Bergsliparken laurdag føremiddag av Kulturvernforbundet.
– Dette betyr enormt mykje for oss. Voss er ei rik kulturbygd, og det er kjekt å sjå at me markerer oss mellom hundrevis av arrangement i landet, seier leiar for Voss Kunst og Kultur, May Britt Øydvin.
Ho er koordinator for Kulturminnedagane her på Voss, som starta laurdag. Kulturminnedagane vert markert med 300 arrangement over heile landet mellom 2. og 10. september.
– Det er godt at arbeidet me gjer blir lagt merke til. Me kjempar for å visa fram kulturen i bygda, seier Laila Rynning Veum i Bergslistiftinga.
Dei ynskjer å bruka pengane på bannera til kulturminnedagane i Voss sentrum for å lyfta kulturbygda.
Kulturminnedagane
- Noregs største historie- og kulturarvfestival
- Mellom 2. og 10. september vert det stelt i stand 300 arrangement spreidd over heile landet
- Årets tema tar for seg kunnskapen og handverket som kreivst for å ivareta Noregs kulturarv og kulturminne
– Eit av dei største i landet
Den nasjonale prisen er på 50.000 kroner, og vart overrekt av Carl Harbitz-Rasmussen i Kulturvernforbundet.
– Kulturminnedagane på Voss går over 18 dagar og er eit av dei største kulturminnedagsarrangementa i Noreg. Programmet inneheld utstillingar, guida turar, føredrag, demonstrasjonar av gammalt handverk innan keramikk, gjørtlar, smed, treskjering, kurs i ulike handverk som kipefletting, gyllenlêr og mykje anna. Voss Kunst og Kultur var også nominert til Kulturminnedagsprisen i fjor, og har vore ein solid og trufast bidragsytar til Kulturminnedagane i Noreg, seier Harbitz-Rasmussen.
I grunngjevinga skriv juryen mellom anna at «Arrangøren viser eit brennande engasjement for den lokale kulturarven.»
– Kulturminnedagane på Voss er blitt arrangert i ei årrekkje og har alltid hatt eit mangfaldig og rikt program. Arrangørane har vist evne til å fornya seg og samarbeida på tvers av interesser og fag. I år har ein knytt samarbeid med den lokale køyretøyklubben, og ein arrangerer ein eigen «internasjonal kulturminnedag» i samarbeid med Røde Kors, med handverk, kunst og smaksopplevingar frå heile verda. Eg er djupt imponert over kreativiteten og engasjementet til arrangørane, og det kjennest utruleg godt og riktig å kunna dela ut prisen til eit så allsidig og mangfaldig arrangement, seier styreleiar i Kulturvernforbundet Jørn Holme.
– Gjev oss motivasjon
Kulturminnedagsprisen vert gjeven til den arrangøren som anten ved årets program eller ved innsats over tid best har oppfylt Kulturminnedagane si målsetjing om å formidla og gjera kulturarven tilgjengeleg for allmenta, og bidra til å skapa forståing og engasjement for kulturarv og historie.
Det vert mange ulike tilskipingar desse dagane på Voss i høve Kulturminnedagane.
– Me gler oss til ei veke med mykje spennande innhald, og ein slik pris gjev oss motivasjon til å halda fram med dette arbeidet, seier Øydvin.
