I byar og bygder over heile landet var det laurdag markering av situasjonen til dei 544 asylborna som skal sendast ut etter å ha vore mest heile livet i landet.

På Voss møtte kring 65 opp på Torget. Demonstrantane gjekk fyrst i tog gjennom sentrumsgatene, før arrangementet vart avslutta med appell ved leiar Bjarte Kaldestad i Raudt Voss, diktlesing og allsong ved Gunvor Sønnesyn (Voss KrF).

Samstundes gjekk liknande demonstrasjonstog i dei fleste byar og tettstader i Noreg. Tilskiparane av arrangementa var lokale støttegrupper for asylborn, som til dømes «Støttegruppen for Nathan» i Bergen, og «Den nasjonale Foreningen av tolvte januar». På Voss slutta mellom anna desse seg til arrangementet: Raudt Voss, Voss KrF, Voss Venstre, Voss SV og Voss FO.

Krav

Her er nokre av krava dei som demonstrerte laurdag stiller:

* Strakstiltak og ei ny forskrift som klart slår fast at borns beste skal gå framføre innvandringspolitiske omsyn.

* At FN sin barnekonvensjon skal ha førerang i saker som handler om born i Noreg - også utlendingssaker.

* At dei lengeverande borna får ei ny sakshandsaming i UDI etter ny forskrift, med vekt på deira tilknyting til Norge, og med advokatbistand.