Det syner målinga Norfakta Markedsanalyse utførte for Hordaland i helga, der 600 vossingar vart spurde om kva parti dei ville røysta på om det var stortingsval i dag.
Fire av fem veljarar har no bestemt partivalet.
Nesten heilt likt
Kampen om å bli størst på Voss er likevel jamn, både Høgre og Ap ligg no på 23-24 prosent, i augneblinken med Ap eit hestehovud framom.
Situasjonen inneber likevel at det har skjedd eit jordskjelv på Voss sidan stortingsvalet 2009. Den gong var Ap suverent størst, med 35,3 prosent oppslutnad, og då med Sp som nr 2 med 18,7 prosent.
Også Frp med 15,5 prosent plasserte seg godt framom Høgre sin 4.plass på lista. Høgre samla berre skarve 10,7 prosent.
Høgre har dermed auka oppslutningen med godt 12 prosent sidan stortingsvalet 2009, Ap har tapt over 11 prosent!
Sp får 15,3 prosent på vår ferske måling, Frp 13,9 prosent.
SV mot katastrofe
Mest oppsiktsvekkjande elles i målinga er at SV no har duppa ned under sperregrensa på Voss. Audun Lysbakken får såleis inga drahjelp frå vossingane på vegen mot Stortinget.
Nede i sjiktet rett under sperregrensa ligg også Raudt og Dei Grøne og kjempar om radikale grøne veljarar, kanskje med resultatet at ingen av dei kjem på Løvebakken.
Noko meir letta kan Terje Breivik no pusta ut. 6,7 prosent av vossingane vil gje han støtte på vegen til Oslo.
Også KrF ligg trygt over sperregrensa på Voss, om enn prosenten er svakt fallande – til 4,8 prosent.
Men enno er det fire dagar att til valet!