Kravet er klart: Bygg tunnel gjennom Vikafjellet!

– Så vidt eg veit, er det fyrste gongen næringslivet i dei kringliggjande kommunane har samla seg på ein slik måte, seier leiar Trude Undebakke i Vik Næringssamskipnad.

Voss Fjellandsby, Destinasjon Voss, Voss Sentrum, Høyanger Næringsutvikling AS, Balestrand Næringsforum, Opplev Leikanger, Sogndal Handel og Service og Sogn Næring er saman med Vik Næringssamskipnad avsendarar av brevet. Bodskapen kan ikkje mistydast: Stengde vegar skapar store problem både for næringsliv og innbyggjarar, som igjen hindrar utviklinga av regionen.

– I dag er Rv 13 over Vikafjellet den mest stengde riksvegen i landet til tross for at Stortinget har definert han som «heildøgnsopen vinterveg», skriv næringsorganisasjonane, som òg peikar på at alle dei overordna planane alt er ferdige: Vik kommune og fylkeskommunane har samanfallande vedtak om trasèval, og Vikafjell-tunnel er prioritert av dei regionale vegmyndigheitene.

Difor:

– Riksveg 13, tunnel gjennom Vikafjellet, må koma med i framlegget til Nasjonal transportplan 2014–2023 (NTP), heiter det i brevet.

Næringsorganisasjonane ber no om eit møte med statsråd Marit Arnstad (Sp). Der vil dei leggja fram kor viktig tunnelen er for å binda regionane saman, med tanke på ein felles bu- og arbeidsmarknad, i tillegg til det aukande reiselivet.

– Me er fleksible på møtetidspunkt, men ser at det byrjar å hasta i høve til framlegg av NTP, skriv dei i brevet til ministeren.