– Me er både frå fylkestinget i Hordaland og frå Voss, seier Gerd Sivertsen Prestegard.

Ho og dei andre stilte med banner og song, for å få AUF til å hugse på å gjera jobben sin.

– Me vil syna motstanden me har mot oljeboring i nord, og få fram argumenta våre om fornybare ressursar, seier Sivertsen Prestegard.

– Framtida er oljefri

Ute i den kalde vinden, sto gjengen, og Nikolas Dale frå AUF var den einaste som kom ut.

– Eg er svært samd med Natur og Ungdom i denne saka, seier Dale.

Han er fylkessekretær i AUF og lovar debatt om saka når den kjem opp i løpet av helga.

– Debatt blir det, men me får sjå når årsmøtet er over, korleis det blir, seier Dale.

Hordaland Ap byrja sitt årsmøte laurdag, og held på til sundag. Dei har fleire prominente gjester med seg, mellom anna vitjar utanriksminister Espen Barth Eide og statsråd Anne-Grethe Strøm Erichsen.

– Me kjem til å stå utanfor her i dag, litt avhenging kor kaldt det er, seier Sivertsen Prestegard.

Ikkje varig vern

Leiaren for AUF i Hordaland, Linn Kristin Engø, seier at dei er ikkje tilhengarar av varig vern, slik Natur og ungdom ynskjer.

– Det er viktig med ei realistisk tilnærming til politikk og me veit at petroleumsnæringa kjem til å ha svært mykje å siea for norsk økonomi og i åra framover, seier Engø.

Ho seier vidare at ei sakte utfasing av petroleumsnæringa parallelt med satsing på fornybar energi er noko dei ynskjer. Av omsyn til naturmangfald, todeling av norsk øknomoi og overordna klimamål, ser AUF i Hordaland ikkje at det er førmålstenleg med ei konsekvensutreiing på noverande tidspunkt.

– Det er ikkje usannsynleg at ein – ein gong i framtida – har teknologi som gjer at ein kan driva konsekvensutgreiing og oljeboring utan fare for fisk, klima og naturmangfald. Då vil saka vera ei anna.