Det tok heilt av då flymiljøet på Voss inviterte til vaflar laurdag.

Svein Kvernstuen og dottera Rebekka Bru Kvernstuen (6) frå Sandnes flaug frå Sola til Voss for å kjøpa vaflar. Reisa på kring 300 kilometer gjorde dei ingenting.

– Det var ein fantastisk flott tur. Fyrst landa me i Rosendal og kjøpte oss ein is, deretter flaug me vidare til Voss og kjøpte vaflar og pølse, fortel pilot Kvernstuen.

– Rebekka har vore flyvertinna mi ombord heile vegen til Voss.

– Korleis var det å fly frå Stavanger til Voss i dette vêret?

– Heilt fantastisk. Me flaug i rundt 350 meter høgd heile vegen frå Sola til Voss. Undervegs såg me på flotte hytter som var bygde i strandsona, me såg på dei flotte strandlinene i Hardangerfjorden. Me har rett og slett bare note utsikten heile vegen, seier han.

Til saman reiste det fire fly frå Sola til Voss, men det var også fly frå Egersund og Høyland på Jæren med på turen, fortel han.

Tok heilt av

Trafikken på den ellers så rolege Bømoen flyplass kunne laurdag ettermiddag sjå ut som på Heathrow i London. Fleire fly låg i kø etterkvarandre for å få landa på flyplassen.

Ideen om å få til eit såkalla «Fly in» på Bømoen vart bestemt i full fart torsdag kveld. Ved hjelp av dagens elektroniske hjelpemidlar, vart invitasjonen om vaflar og pølseservering på Bømoen sendt ut i løpet av sekund. Lite visste arrangørane at det skulle koma så mange deltakarar. Det tok rett og slett heilt av.

– Dette er jo heilt fantastisk, det syner berre at det framleis er eit yrande flymiljø på Voss. Pilotane har nok vore underernærte på sol og opphaldsvêr den siste tida. Når det fyrst vart sol, ville alle ut og fly, seier Jan Fredrik Fleischer Tønjum og legg til at han aldri hadde drøymt om at det skulle koma så mange til Voss laurdag.

Før dagen var omme hadde 22 fly vore innom flyplassen på besøk. I tillegg kom alle flya som til dagleg står på Voss. Truleg var det over 30 fly utstilte på flyplassen.

Fly og pilotar kom frå Egersund, Stavanger, Haugesund, Stord, Bergen og sjølvsagt frå flymiljøet langs Hardangerfjorden.

Fleire valde å reisa heim laurdag kveld, medan andre valde å vera att på Voss og nyta resten av helga i solskinet.