Ved russargravene på kyrkjegarden heldt sekretær i LO på Voss, Per Arne Berland, ein kort tale før han la på kransen, som takk for innsatsen dei russiske krigsfangane gjorde under andre verdskrigen. Han påpeika kor viktig det er å òg sjå bakover, når ein skal gjera rette val framover.

– Dette er ein dag der internasjonalt solidaritet vert feira. 1. mai har ikkje gått ut på dato, sa han, medan Voss Musikklag spela «Internasjonalen» før og etter den verdige seansen.

Kransinga av krigsminnesmerket ved Vangskyrkja stod leiar i Voss AP, Sissel Mugaas Bjørkhaug, for.

– Me må ALDRI gløyma. Dei me heidrar her, fekk aldri oppleva fridomen, sa ho, og peikte på andre delar av verda, der menneske lever under liknande kår som Noreg hadde under andre verdskrigen.

– Historia hjelper oss å ta val. Me minnest med takksemd og respekt den innsatsen desse gjorde under krigen, sa Mugaas Bjørkhaug før ho la på kransen på minnesmerket over dei norske falne. Og Voss Musikklag spela nasjonalsongen.