Denne veka vart arbeidet til «Redningsaksjonen for Vossolaksen» også krona med Fiskeridirektoratet sin miljøpris for 2011.

– Arbeidet starta attende i år 2000. Likevel er det først etter 2008, då oppdrettsnæringa sjølv – gjennom Vossolauget – tok initiativ til ei kraftig opptrapping av smoltproduksjonen, at arbeidet for alvor har bore frukter. Det første tiåret opererte ein med fangstar på kring 40 laksar i året. I fjor auka talet til 130, og så langt i år snakkar me om over 800 laksar i nøtene ved Bolstadfjorden, fortel ein av dei glade prisvinnarane, Monika Haugland.

Ho har pendla mellom jobben som prosjektkoordinator hjå Fylkesmannen i Bergen, og arbeidet hjå Voss klekkeri.

– Den laksen som så langt har kome attende, er eit resultat av aktive kultiveringstiltak. No er målet at villaksen skal klara livssyklusen på eiga hand. Og det har me stor tru på, smiler Haugland.