Sidan år 2000 har det pågått eit eige Vosso-prosjekt for å vurdera status, trugsmål og tiltak for å få tilbake storlaksen i Vosso. I helga har det vore prøvefiske, og fiskarane har fått nærare 40 laks.
Vil finna ut kva som er i elva
Målet for prøvefisket er todelt. Dei skal finna ut kva som er i elva, både med tanke på talet på laks og storleik. I tillegg skal dei få inn meir data på dei kultiverte fiskane.
Oddbjørn Helland er styreleiar i Bolstadelva grunneigarlag. Han har engasjert seg for å få attende storlaksen i elva, og meiner resultata syner at dei er på riktig veg. Mellom anna har det vore stor tilbakevandring frå smoltprosjektet. Samstundes meiner Helland at det er viktig å ikkje tru at framtida for Vosso-laksen er sikra.
Varsam start - uansett
- 90 prosent av laksen me har fått er kultivert, og me hadde håpa å sjå fleire av dei me har sette ut som rogn eller yngel. Me håpar også å få større spreiing på aldersgrupper, fram til no har det vore mest frå 2009-generasjonen, seier Helland.
Helland og resten av grunneigarlaget ynskjer å satsa på fisking frå 15. juli og ut august neste år. Eitt alternativ kan vera å setja ei maksgrense på antall fisk per fiskar, og dei skal uansett ha ein forsiktig start.