Alle dei folkevalde stilte seg bak eit framlegg frå Miljøpartiet dei Grøne. Vedtaket som vart fatta kan gi dei folkevalde betre innsikt i kva som er stoda i Vossaskulen. Det trengst.

Eg er over snittet interessert i saker om skule og oppvekst. Det skuldast truleg mi fortid som lærar. Gjennom hausten, vinteren og våren kom fleire signal om at alt ikkje er som det skal i Vossaskulen.

Grunn til bekymring

  • I november kom «Tilstandsrapport frå Grunnskulen i Voss Herad 2020–2021». Rapporten synte at fleire av skulane i heradet presterte for dårleg, både på faglege resultat og på læringsmiljø og trivsel.
  • I april vart Voss herad trekt ut til Utdanningsdirektoratet sin «Oppfølgingsordning for kommunar». Om lag 40 andre kommunar i landet er med i ordninga, som i praksis er ein slags statleg «spesialundervisning» i forbetring av skuledrifta. Vilkåra for å bli trekt ut er at dei råka kommunane «faller under nedre grense for kvalitet, basert på indikatorer innen læringsmiljø og læringsutbytte» (udir.no).
  • 28. mai las vi i Hordaland at ungdomsskulen bryt Opplæringslova på fleire punkt knytt til gjennomføring av spesialundervisning. Talet på vedtak om spesialundervisning ved ungdomsskulen er skyhøgt. Kvifor?

Eit samstemd Heradsstyre

Til heradsstyremøtet 9. juni sende Miljøpartiet dei Grøne inn ein interpellasjon med dette framlegget til vedtak:

  1. «Heradsstyret ber om at det så snart som praktisk mogleg blir lagt fram grundig og oppdatert informasjon om tilstanden i Vossaskulen. Heradsstyret skal få høyra frå dei som står nærast den daglege drifta av skulane: rektorar, fagforbunda og vernetenesta.
  2. I framtida skal dei årlege tilstandsrapportane for Vossaskulen leggjast fram for heradsstyret som ei eiga sak, med ordinær debatt, jf. Opplæringslova §13e.»

Ordføraren svarte med eit endringsframlegg der siste setning i punkt 1 vart fjerna. Teksten var elles uendra. Eit samrøystes heradsstyre stilte seg deretter bak det justerte framlegget – utan debatt. Eg vonar ordføraren og rådmannen noterte seg dette.

Kva skjer no?

MDG forventar at det fyrste punktet i vedtaket frå 9. juni blir sett på agendaen i neste heradsstyremøte, 20. oktober. Vi meiner det er særs viktig at dei folkevalde får presentert ein grundig og uhilda gjennomgang av stoda i Vossaskulen. Dei folkevalde må få koma til orde og få svar på sine spørsmål og bekymringar. Vi vil høyra frå dei som står nærast mogleg kvardagen til skuleleiing, lærarar og elevar.

Målet er ikkje å ta nokon eller å finna syndebukkar. Målet er å finna ut kva dei folkevalde kan gjera for bidra til å snu ei negativ utvikling.