«Eg vel med opne auge å bli stempla som ein trave, då eg stikk handa inn i dette vepsebolet. Men det blir for dumt at desse våghalsane får setja dagsorden», skriv Tom Mæland, som elskar Raundalen. ARKIV
«Eg vel med opne auge å bli stempla som ein trave, då eg stikk handa inn i dette vepsebolet. Men det blir for dumt at desse våghalsane får setja dagsorden», skriv Tom Mæland, som elskar Raundalen. ARKIV Foto: INGERID JORDAL

Hei, Dag og padlefolket!

Meiner de seriøst at Voss ikkje er attraktiv å flytta til om ein ikkje kan padla som før i Raundalselva?

Det er feiande flott at både du og venene dine likar å leika dykk på Voss. Eg likar også å leika meg på Voss. Så la oss snakka om leik. Og alvor.

Me har vore gjennom dette før. Eg har berre vore med på ein omgang. Sist gong det var snakk om kraftutbygging i Raundalselva, vart saksgangen stogga før den nådde ut av kommunen. Omgangen før det, vart bygdefolket fortalt at samfunnsnyttige prosjekt som skulle styrkja utkantane, skulle koma uavhengig av kraftutbygging. Då var det greitt å gje opp kampen, men det som vart lova, skjedde ikkje. Viljen til å prioritera utkantane, eller berre jamføra det med satsingar i sentrum, var og er borte vekk.

Denne gongen har me fått hjelp av naturen sjølv. Flaumsikring av Vangen må på plass.

NO MÅ ME passa på at dette blir eit samfunnsnyttig prosjekt som gjer at Voss blir betre rusta i framtida. Ikkje berre mot naturkrefter, men også andre utfordringar kommunen balar med. Me treng politikarar som har visjonar og som vågar å prioritera. Nokre gonger må me prioritera alvor framfor leik.

Det er alvorleg at ein legg ned grendaskular berre for å spara pengar. Då den nye skulen vår på Palmafossen er for liten alt på opningsdagen, kjenner me oss lurt. Med dei negative konsekvensane dette gjev born og lærarar, er dette eit tapsprosjekt på fleire måtar. Ein lang skuleveg med skyss som har køyrt i grøfta fleire gonger kvar vinter, er ingen leik. Ei lova opprusting av vegen blei ingenting av. Voss kommune jobbar ikkje for at tidlegare vedtak om opprusting og omlegging skal bli sett i verk. Me merkar godt konsekvensane av ein dårleg kommuneøkonomi.

ER VERKELEG MILJØET rundt elvepadling ein av dei største ressursane eit samfunn kan ha? Nokre meiner det. Det er viktigare at dei som veks opp på Voss i dag har ei bygd dei ynskjer å etablera seg i, enn at det flyttar inn ein fargerik liten gjeng med våghalsar. Meiner de seriøst at Voss ikkje er attraktiv å flytta til om ein ikkje kan padla som før i Raundalselva? Under Ekstremsportveko er elva for stri til at den blir nytta. Ei regulering vil kunne gje dei store båtane med litt mindre vågale folk oppi ein lenger sesong. Dei gjev kommunen inntekter. Det gjer ikkje dei 20-åringane i varebilen sin som campar på bakkane våre. Dei legg att pengar for kneipp, øl og diesel - og vil ikkje syna att i noko rekneskap. Det er ingen som har betre oversikt over den faktiske aktiviteten i elva enn dei fastbuande. Klart det er flott at me kan tilby sånne opplevingar. Men denne gongen må me prioritera vekk andre sin leik.

Om ein tek toget heim frå Vangen ein sommardag får ein knapt plass. Turistar sit klistra til vindauga med kameraa sine. Ut av Skiplestunnelen, dei tek bilete av hus, teigar og slåttonn. Strålande oppjaga snakkar dei i munnen på kvarandre. Sånn er det fleire stader, dette imponerer dei - folk bur her liksom! Ein Tesla stoggar, bergensfrua tek bilete av oss i hesjinga, før sølvreven i førarsetet gassar vidare heim til byn. Me er her for å gle dykk! Men det er ikkje berre ei framsyning.

EG YNSKJER AT mine born skal veksa opp på ein trygg stad, i ein kommune med sunn økonomi - som stiller opp for alle innbyggjarane sine. Eg ynskjer også at dei skal få oppleva mangfaldet av aktivitetar her. Me går i fjellet heile året, fiskar, går på bortoverski, nedoverski og deltek i organisert idrett. I tillegg haustar me av naturen, dyrkar kulturlandskapet og produserer jolamaten din. Mest på trass. For det er mykje som jobbar mot oss som vil bu i utkanten og halda desse tradisjonane og verdiane levande. Men eg trur at med litt flaks (og mykje indoktrinering) vel kanskje mine born å busetja seg her når dei blir vaksne, om tilhøva er rette. Men då må me kunna gje dei håpet om at her er det ei framtid. Og om mine gutar ikkje får padla i Raundalselva når dei blir eldre, skal eg rakrygga fortelja kvifor det blei slik.

DET VERKAR SOM om politikarar og andre synlege personar i bygda er redde for å bli stempla som «ukule». Dei vil leika med dei kulaste gjengane, dei som no ropar høgt om kor viktig det dei driv på med er. Jaudå, dei er flinke og ressurssterke med spennande jobbar, som klarer å bli lagt merke til. Men no må de tenkja på heilskapen, på alle innbyggjarane, og kva deira behov er. Plasser eit kraftverk i regi av det lokale energiverket innafor kommunegrensa. Det vert rabalder no, men det går over - og det vert kjekkare å vera både innbyggjar og politikar på Voss i framtida.

Eg vel med opne auge å bli stempla som ein trave, då eg stikk handa inn i dette vepsebolet. Men det blir for dumt at desse våghalsane får setja dagsorden.