- Vert skattlegginga av kraftliner endra slik regjeringa føreslår, vil Granvin tapa vel 1,2 mill kr årleg. Og det er ikkje småtteri for ein liten kommune som oss, er meldinga frå ordførar Ingebjørg Winjum - til Abid Raja, Terje Breivik og Håkon Gjerde. Biletet er frå Kambane, ovafor Røynstrand.
- Vert skattlegginga av kraftliner endra slik regjeringa føreslår, vil Granvin tapa vel 1,2 mill kr årleg. Og det er ikkje småtteri for ein liten kommune som oss, er meldinga frå ordførar Ingebjørg Winjum - til Abid Raja, Terje Breivik og Håkon Gjerde. Biletet er frå Kambane, ovafor Røynstrand.

Nytt skatteframlegg hissar opp Hardanger

Dei ville ikkje ha mastene. - Men no står monster­mastene der, lite me kan gjera med det. Men om me no skal tapa inntektene dei trass alt gjev oss, trur eg me får eit nytt opprør i Hardanger!

- For oss her i Granvin dreiar saka seg om langt over 1,2 millionar kroner årleg, seier ordførar Ingebjørg Winjum.

- Og eg kan lova at dét ikkje er lommerusk for ein liten kommune som oss. Venstre si stortingsgruppe må difor stogga det nye skatteframlegget regjeringa har lansert!

Slik lydde den klare meldinga ut då Winjum onsdag hadde stortingspolitikarane Abid Raja og Terje Breivik på gjesting.

Endra eigedomsskatt

Bakgrunnen ligg i eit framlegg regjeringa sende ut på høyring i juni, der det vert varsla diverse endringar i eigedomsskatten.

Viktigaste punktet i denne samanhengen er at nettskapa ikkje lenger skal måtta betala kommunal eigedomsskatt for kraftliner og master.

Håkon Gjerde, Terje Breivik, Ingebjørg Winjum og Abid Raja.  Biletet er frå Kambane, ovafor Røynstrand.
Håkon Gjerde, Terje Breivik, Ingebjørg Winjum og Abid Raja. Biletet er frå Kambane, ovafor Røynstrand.

- Sidan dei omstridde mastene kom opp, og linene vart strekte, har Granvin herad fått 1,236 millionar kroner i eigedomsskatt frå dei kvart år. Ein del av summen er skatt for sjølve mastene, resten for lina. Og enn om me her i Granvin var samstemde mot den nye kraftlina, synest me sjølvsagt det er greitt å få noko att frå storsamfunnet, påpeikar Winjum.

- Og effekten vert endå større for Ulvik herad, supplerer Håkon Gjerde, som er Venstre sin ordførarkandidat i Ulvik.

- Ut frå eit overslag rådmannen har gjort, vil vårt årlege inntektstap liggja rundt 2,8 millionar kroner. Dette fordi me ikkje berre har den nye overføringslina, som kom med dei såkalla monstermastene. I tillegg har me store overføringsliner austover, på Hardangervidda, seier Gjerde, som også tok del på møtet med Raja og Breivik.

Forundra og forbanna

- Difor er me både forundra og forbanna på at regjeringa tør føreslå ei slik endring. Direkte provoserande, ikkje minst med omsyn til den historia og den krigen monstermastene skapte her i distriktet, seier Ingebjørg Winjum. Ho reknar difor med knallharde høyringsfråsegner både frå Granvin, Ulvik og andre Hardanger-kommunar, og varslar at saka òg kjem til å verta teken opp i Hardangerrådet.

- Mitt direkte spørsmål er difor: Kan me stola på at Venstre stoggar framlegget, når det kjem til Stortinget?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du kan i alle fall rekna med meg, seier Abid Raja direkte. - Heilt urimeleg om små kommunar skal mista ein så stor del av skatteinntektene over natta.

Raja vil likevel ikkje forskottera at han vil gå mot heile det nye skatteframlegget. Til det kjenner han det enno for lite til detaljane der.

- Men det må heilt klart gjerast endringar i teksten. Anten at det vert gjort spesifikke unnatak for denne typen installasjonar, eller at her kjem inn generelle unnataksreglar som sikrar vidareføring av inntektene.

Terje Breivik deler i prinsippet Raja sine synspunkt, men er noko meir varsam i formuleringane.

- Før me kan fastslå kva Venstre vil gjera her, lyt me sjølvsagt ha drøfta saka i stortingsgruppa. Men det er klart at så vektige innspel frå store Venstre-kommunar vil vera tungtvegande for standpunktet me til sist endar på, seier ulvikjen - som i tillegg er Venstre sin nestleiar.

Sundvolden-basert

Terje Breivik kjenner også til bakgrunnen for forslaget.

- Det har utgangspunkt i Sundvolden-erklæringa, som er grunnlaget for regjeringsdanninga mellom Høgre og Frp. Men dette er eit dokument som korkje Venstre eller KrF har vore delaktige i, og ikkje nokon del av samarbeidsavtalen me har med regjeringa. I dette spørsmålet vil me såleis stå heilt fritt. Og utan støtte frå oss, vil endringsframlegget neppe få støtte i Stortinget. Eg reknar difor med at her vert sonderingar på eitt eller anna tidspunkt. Og om regjeringa opplever at her ikkje er fleirtal for endringane, vil me òg kunna oppleva at endringsframlegget vert lagt bort.

Breivik understrekar elles at det ikkje er staten som sparer pengar om desse eigedomskronene fell bort, men nettselskapet Statnett.

- Og dei vil nok på si side henta pengane inn at hjå forbrukarane, kjenner han seg viss på.

Den store taparen vil såleis verta Granvin, Ulvik og andre kommunar som har store overføringsliner gjennom terrenget sitt.