Sundag var politiet på plass for å sikra seg spor ved golfklubben sine lokale.
Sundag var politiet på plass for å sikra seg spor ved golfklubben sine lokale. Foto: politiet på Voss

Innbrot i golfklubben

Natt til sundag braut nokon seg inn i klubblokala til golfklubben på Voss.

Dette opplyser politiet på Voss måndag. Alarmen viser at han vart løyst ut klokka 02.25 natt til sundag, og granskingar dagen etter viser at innbrotstjuvane fekk med seg nokre pc'ar, etter å ha brote opp eit vindauge og teke seg inn.

Då Hordaland snakka med politiet måndag var det uklart om andre verdiar i tillegg til datamaskinene er fjerne frå golfklubben sine lokale i Skulestadmo.

Politifyrstebetjent Jostein Skeie fortel til Hordaland at politiet har vore på åstadsgransking etter innbrotet.

- Me var på plassen i går og fekk sikra oss spor, så får me sjå om dei fører fram, seier han.

Skeie legg til at politiet er interessert i å høyra frå vitne som har sett eller lagt merke til aktivitet frå folk og køyrety på dette tidspunktet i det aktuelle området i Skulestadmo.